Hopp til innhold

Bygger Norges største skatepark i Stavanger

På 1980-talet blei skatarane i Stavanger jaga av politiet. I juni får dei Norges største skatepark - betalt av kommunen.

Første spadetak for skatepark

Venstrepolitikar Per A. Torbjørnsen tok første spadestikk for den nye skateparken.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Det var ulovleg og politiet sprang etter oss.

Skateboard-pioner Leif Kristian Thorvik snakkar om dei lovlause tidene på 1980-talet. Den gong då skatarane var langt frå velkomne i Stavanger.

– Dei la oss i bakken, og tok bretta våre. Og dei fekk me ikkje tilbake igjen, seier Rune Feyling, ein annan av dei som måtte smugskate på 80-talet.

Rune Feyling og Leif Kristian Thorvik

Rune Feyling og Leif Kristian Thorvik var til stades då bygginga av den nye skateparken starta i dag.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Men forbodet mot skating vart oppheva i 1989, og sidan då har tidene verkeleg endra seg.

2700 kvadratmeter til skatarane

For i dag var dei begge til stades då første spadestikket vart teke for det nye skateanlegget på Tasta i Stavanger.

Med sine 2700 kvadratmeter, blir anlegget Norges største, og prislappen er på 26 millionar kroner. Størsteparten er finansiert av kommunen.

– Det handlar om å få ungdom i aktivitet, om folkehelse. Men eit anna viktig aspekt er at det er uorganisert, alle kan koma hit. Ein treng ikkje ein inngangsbillett, eller eit medlemskap. Det er ope 24 timar i døgnet, heile året, seier Per A. Torbjørnsen frå Venstre, som tok det første spadestikket.

Artikkelen held fram under biletet

Skatepark

Slik skal skateparken sjå ut når den står ferdig.

Foto: Ståle Madland Schjelderup/Stavanger kommune

Må vera ferdig til NM i juni

Det er over to år sidan det gamle anlegget i tre blei riven. Skatemiljøet i Stavanger er glade for at bygginga av anlegget i betong er i gong.

– Me har jobba lenge for dette, så det er veldig kjekt at det no er i gong. Dette er byrjinga på eit kanonkjekt prosjekt, seier styreleiar Lena Kristensen i Stavanger Skateklubb.

Anlegget skal stå klart til sommaren neste år, og målet er å arrangera NM i juni. Kristensen trur anlegget vil bety mykje for skatemiljøet lokalt.

– Det kjem til å bety alt. For i dag manglar me ein arena der me kan rekruttera, og samla store og små frå alle bydelane.

Ein stad å henga

Sidan den gamle skateparken blei riven for to år sidan, er det fleire av skatarane i Stavanger som har reist ut av byen for å drive med hobbyen sin. No gler dei seg til å få ein stad der dei kan samlast i nærleiken.

– Det blir kjempebra for ungdomsmiljøet. Då den gamle parken blei riven, så var det som om eit miljø blei rive vekk. No blir det ein plass å henga igjen, og det er feitt, seier skater Rune Ellingsen.

Sjå TV-innslaget frå 2000 – då alt var klar for open konkurranse i rullebrett i Stavanger.

Sjå korleis det var å vera skater i Stavanger før i tida.