Hopp til innhold

Bussvegen vert to år forseinka

Statens vegvesens nye framdriftsplan for bussveien på Nord-Jæren viser at heile strekninga ikkje opnar i 2021, som først venta, men i 2023.

Bussvei på Forussletta

Delar av bussvegen er allerede opna, som her på Forussletta.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har tidlegare sagt at Bussveien opnar sommaren 2021. Vi har nå gått detaljert gjennom alle planane og ser at vi ikkje greier å bli ferdige med heile Bussveien i 2021, opplyser Vegard Thise, prosjektleiar for planlegging av Bussveien i Statens vegvesen.

Dette gjeld ikkje fylkesveg 44 frå Stavanger til Sandnes, som er den høgast prioriterte strekninga for Bussveien. Den kan fortsatt vere klar i desember 2021.

Men på Riksveg 509 mellom Stavanger og Risavika og strekninga frå Ruten i Sandnes til Vatnekrossen er opninga sett til 2023.