Hopp til innhold

Bronse i OL – sølv i Top Pedal

Toppsyklist Alexander Kristoff var to fattige tidelar frå toppnotering i «Top Pedal».

Han fekk bronse i OL, i Top Pedal blei det sølv.

Alexander Kristoff i Top Pedal.

I eit halvt år har NRK Rogaland kvar einaste fredag arrangert tråbilkonkurransen «Top Pedal» med kjende rogalendingar.

Fredag var det sesongavslutning med sjølvaste Alexander Kristoff på startstreken.

32,9 var den magiske tida stavangersyklisten så gjerne ville slå. Det er nemleg rekorden til stavangerkomikaren Christian Eriksen.

Men det blei berre nesten for Kristoff. Sluttida blei 33,09 og dermed «berre» sølv på proffsyklisten.

– Nesten like bittert som å tapa etappesigeren i Tour de France dette, eller?

– Ja, det er surt. Eg burde øvd litt meir på svingane, der mista eg mykje fart, seier Kristoff.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg