Hopp til innhold

Dei blir ringt ned av hundeeigarar: – Seier dei må avlivast om vi ikkje kan ta mot dei

Elin og Ann Kristin blir nedringt av border collie-eigarar som ikkje lenger kan ta vare på hundane sine.

Border collie på tur

Elin Herlofsen og Ann Kristin Eilertsen opplever at fleire skaffar seg rasen utan å tenkje seg godt nok om.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– I det siste har eg fått telefonar frå border collie-eigarar som seier dei må avlive hunden sin om vi ikkje kan ta mot den, seier dagleg leiar for omplasseringsstaden «2 Save Me», Elin Herlofsen.

I lokalet deira er to border colliar: Bell og Hugo.

Men organisasjonen får stadig meldingar frå eigarar som ikkje lenger kan ta vare på hunden.

– Akkurat no er det utruleg mange border colliar til omplassering. Vi blir nedringde av folk som vil at vi skal ta imot hundane deira, men vi har ikkje kapasitet til å ta imot alle. Dei krev jo sitt, seier Herlofsen.

Luna 9 år gis bort

Hunden Luna er ein av fleire border colliar som blir gitt bort på Finn. Det eine barnet i familien har utvikla astma og allergi.

Foto: Skjermbilde

Rasen er den mest populære i Noreg, men er samtidig også den flest vil bli kvitt.

– No er det til og med mange som gir bort border colliane sine på Finn, fortel Herlofsen.

Av hundar over eitt år som blir selde eller omplasserte på Finn, er det omtrent 40 border colliar i dag.

Det er like mange som det samla talet blandingshundar i same aldersgruppe som blir selde eller omplasserte.

Hvit border collie

Bell måtte omplasserast etter at ho ikkje fekk den oppfølginga ho trong.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Fekk ikkje det ho trong

Bell blei levert til den frivillige organisasjonen av den tidlegare eigaren Andrea Skårdal.

– Det er ein rase som er veldig krevjande og treng mykje stimuli. Vi var to utan barn som budde på ein veldig fri plass då vi fekk henne. Etter kvart blei eg åleine med barn, og det blei ei for stor endring, fortel ho.

Det var likevel med tungt hjarte at ho måtte gi slepp på Bell.

Border collie mor og barn 2

Andrea Skårdal saman med sonen Leo.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

– Eg har aldri vore borti ein meir fantastisk hund. Ho er berre god på alle måtar, men ho blei veldig mykje åleine og fekk ikkje det ho trong, seier Skårdal.

Ho skjønte fort at det beste for hunden var å bli vareteken av ein organisasjon vigd til å gi hundar eit betre liv.

– Det er vanskeleg å setje ord på kor fantastiske dei er. Det einaste dei har fokus på er at dette blir den beste og siste heimen dei har, noko som gjorde det mykje lettare.

Border collie - mor og barn

Andrea Skårdal innsåg fort at det beste for Bell var å få den merksemda ho trong.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Treng mykje oppfølging

Ann Therese Kommedal er seniorinspektør og rådgivar for dyrevelferd i Mattilsynet, avdeling Sør-Rogaland.

Mattilsynet grab

Seniorinspektør og rådgivar Ann Therese Kommedal.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Ho synest det er positivt at eigaren tek kontakt med organisasjonar og får hjelp, og at det er frivillige organisasjonar som er villige til å hjelpe.

– Men det er jo kanskje eit symptom på at folk har bestemt seg for å skaffe seg ein rase som ser fin ut og er lett å trene, utan å setje seg inn i at det er ein rase som treng veldig mykje oppfølging, seier ho.

Andrea Skårdal støttar utsegna.

– Eg trur ikkje folk forstår kor mykje stimuli dei treng eller kor mykje merksemd og tid det tek med ein border collie. Det skjønte ikkje vi heller heilt.

Om rasen ikkje får fysisk og mentalt stimuli som han treng, vil den læra ting sjølv, forklarer Kommedal i Mattilsynet.

– Det vil vere uvanar som å gjete syklistar, barn eller dyr dei ser ute. Du kan få hundar som blir så frustrerte av å ligge heime at dei begynner å øydelegge ting. Det finst mange utfall av opparbeidd energi som ikkje får utløp.

– Ikkje overraskande

Marianne Arrowsmith Herrmann er omplasseringsansvarleg i foreininga for omplassering av dyr (FOD).

Ho skriv til NRK at de mottar førespurnader kvar veke om å ta inn hundar for omplassering, og i 2023 er gjennomsnittet på 60 meldingar i månaden.

– Dei hunderasane vi har fått flest meldingar om å overta det siste året er husky, border collie og puddelblandingar.

Anne Livø Buvik i Norsk kennel klub (NKK) seier det er omtrent 2.000 hundar som skifter eigar som vaksne i året, ifølge deira register.

– Det stemmer nok at det er den hunden som blir mest omplassert mest, i og med at det er de hundane det finst mest av i Noreg. Det har forundra meg at den toppar år etter år. De krev mykje og treng å bli aktiviserte, seier ho.

Ho påpeiker at det berre er rundt 60 prosent av hundepopulasjonen som er registrert i NKK.

Dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, Åshild Roaldset, seier at hundane dei tar imot ikkje representerer vanleg omplassering, då dei er hundar som politi eller Mattilsynet har tatt frå eigar grunna vanskjøtsel eller mishandling.

Ho blir likevel ikkje overraska over at det er mange border colliar til omplassering.

– Det er ikkje rart, det er ein veldig populær hund, og det er mange som kjøper den og tenker at den skal vere heime ein heil arbeidsdag. Men dei er avla til å kunne gjete sau i mange timar kvar dag.

Happy border collie

Hugo er også ein energisk border collie som no bur i omplasseringsheimen til Elin Herlofsen.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Ønsker auka kunnskap

Etter kva Kommedal erfarer, er den ofte utsjånaden som tiltrekker folk til husdyret dei vel.

– Så les dei seg litt opp og tenkjer at dei har lyst på ein smart hund som dei kan trene opp mykje. Så set dei seg kanskje ikkje inn i kor mykje dei må trene opp og kva som skjer om dei ikkje har den tida hunden treng, seier ho og held fram:

– Så ender dei opp med ein problemhund i staden for ein kjempegod turvenn eller familiemedlem.

Ho oppmodar deg som vurderer å kjøpe hund, å setje deg inn i kva slags hund du får. Det gjer også Elin Herlovsen i «2 Save Me».

– Eg ønskjer at fleire opparbeider seg kunnskap om rasen før dei skaffar seg han. Det er alltid opp til eigaren å lese seg skikkeleg opp.

Border collie og hundepasser

Elin Erlofsen ønskjer at fleire skal lese seg opp på rasa dei vurderer å kjøpe, før dei kjøper han.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK