Hopp til innhold

Bli med minigrisen «Trulte» på bytur

Å gå tur med ein minigris i band midt i Stavanger sentrum vekkjer oppsikt. Bli med minigrisen «Trulte» på bytur.

Portrett av minigrisen Trulte.

VIDEO: Sjå miniportrettet av minigrisen «Trulte» frå Stavanger som blir vist på NRK Super.

Ikkje alle har hund og katt som kjæledyr. Nokon har rett og slett ein gris i hus.

For Inger Horve på Tjensvoll i Stavanger handlar det i stor grad om allergi mot meir tradisjonelle kjæledyr med pels. Då er ein skikkeleg stovegris eit godt alternativ.

«Trulte» er fantastisk fin å ha.

Inger Horve

– Eg kan ikkje ha hund og katt på grunn av allergi. Men eg er veldig glad i dyr, så derfor fekk eg meg ein liten gris. Det har eg ikkje angra på for «Trulte» er fantastisk fin å ha, seier ho.

Minigrisen på barne-tv

Inger Horve og minigrisen Trulte

Inger Horve og minigrisen «Trulte» i heimen på Tjensvoll i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Treåringen «Trulte» er ein oppvakt gris som har lært seg mange triks. Ho hentar gjenstandar med munnen, gir labb og forstår ordrane til matmor. I tillegg går ho tur kvar dag.

NRK Rogaland har vore med på ein av turane og laga innslag til tv-programmet Dyrevenn på NRK Super (sjå innslaget i videoen i ingressen).

MInigrisen Trulte

«Trulte» har god matlyst. Grønsaker står ofte på menyen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Turen gjekk til Stavanger sentrum. Og ut frå merksemda frå folk skulle ein nesten tru det var ei popstjerne ein filma i sentrumsgatene.

For eigarane, Inger Horve og Svein Hauge, er all merksemda noko dei er blitt vane med.

Folk har ingen hemningar mot å seia kva dei meiner om grisen.

Svein Hauge

– Og folk har ingen hemningar mot å seia kva dei meiner om grisen. Anten dei meiner den er veldig fin, eller berre stygg og ekkel. Me meiner uansett grisen vår er det finaste dyret på planeten, seier Svein.

Mykje arbeid

«Trulte» er blitt ein viktig del av livet til Inger og Svein. Inne i huset har ho si eiga seng og matskål og ute i hagen er utedoen.

Ein gong i veka får ho seg ein dusj, sjølv om det ikkje er det kjekkaste for ein gris.

Men trass den tilsynelatande idyllen, Inger rår ikkje alle barn å få seg minigris som kjæledyr.

– Folk skal vera klar over at det er mykje arbeid. Men for meg er minigris eit undervurdert dyr.

Sjå heile programmet minigrisen var ein del av her.