Hopp til innhold

Bildekka dine slit av nesten to kilo mikroplast i året – elbilar er verstingane

1,9 kilo mikroplast blir i snitt slite av dekka på norske bilar kvart år, viser utrekningar frå forskarar. Spesielt elbileigarar kan spara miljøet for mykje.

Dan Gundersen, eigar av Stavanger dekksenter

MYKJE Å GJERE: Ein stadig større andel av bilparken består av elbilar. Det merkar Dan Gundersen på Stavanger dekksenter, kor elbilane hyppigare kjem tilbake for dekkskifte.

Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Noreg er no det landet i verda med flest elbilar per innbyggar, og andelen elbilar fortsett å auka.

Det gir hyppigare dekkskifte og meir mikroplast i naturen.

Elbilar er plastsyndarar

Dan Gundersen ved Stavanger Dekksenter har drive i dekkbransjen i ei årrekke og har sett utviklinga på nært hald.

– Det er ingen tvil om at elbilar slit ned dekka meir enn fossilbilar, fortel han.

Ifølge dekkprodusenten Goodyear blir bildekk på elektriske bilar slite inntil 30 prosent raskare enn på tilsvarande fossilbilar.

– Våre erfaringar viser at elbilar slit meir på dekk grunna tunge batteri og høgare dreiemoment, seier Per Kristian Nauste, dagleg leiar i Dekkimportørenes forening.

Dekkskifte på Stavanger dekksenter

KRAFT OG TYNGDE: Her på Stavanger dekksenter trur dei at vekt og kraft gjer at elbilar hyppigare må byta dekk.

Foto: Adan Hassan Tassamma / NRK

Goodyear peikar også på desse to faktorane.

Ei anna undersøking gjort på oppdrag av Miljødirektoratet viser at vegtrafikk er den største kjelda til landbaserte utslepp av mikroplast. Andelen er på 41,6 prosent.

Heile 85 prosent av dette kjem frå bildekk. Det svarar til 8325 tonn mikroplast i året, eller 1,9 kilo mikroplast per køyretøy.

Slitte dekk, drifting

UTSLEPP: Det du ikkje ser er ute i naturen.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Ei suppe kjemikaliar

Per-Erik Schulze er miljøgiftrådgjevar i Naturvernforbundet og ein av forfattarane bak rapporten. Han fortel at mikroplast frå bildekk er stort miljøproblem som er vanskeleg å få bukt med.

Per-Erik Schulze med en plastduk

NATURVERNAR: Per-Erik Schulze i Naturvernforbundet har sett nærmare på mikroplast.

Foto: Jonas Sivertsen Fossing / NRK

– Bildekk inneheld syntetisk gummi, som er ein form for plast, og ei suppe uheldige kjemikalie som ikkje skal vere i naturen, fortel Schulze.

Likevel hamnar halvparten av all mikroplast frå land i havet, medan mykje av det som blir på land hamnar i ferskvatn.

Når den tungt nedbrytbare mikroplasten først er ute i naturen, er han nærmast umogleg å fjerna.

Mikroplast i torv

BLIR VERANDE: Stadig fleire vitskapelege publikasjonar indikerer at mikroplastutslepp fører til irreversible og langsiktige økologiske skadar.

Foto: Pandora Film

Plasten kan forårsaka fysisk skade på organismar, medan nokre av kjemikalia i dekka er direkte giftige.

– Sjølv om bilar blir elektriske og utsleppsfrie når det kjem til klimagassar, bidrar dei framleis til utslepp av mikroplast, skriv statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Christian Anton Smedshaug (Sp), i ein e-post til NRK.

Han meiner internasjonalt samarbeid er viktig for å få bukt med problemet. Noreg har vervet som president for FN si femte miljøforsamling som skal møtast i slutten av februar.

Christian Anton Smedshaug

KØYR MINDRE: Det er korrekt at også utsleppsfrie bilar slepper ut mikroplast frå dekk, ifølge statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Christian Anton Smedshaug (Sp).

Foto: Mathilde Torsøe/NRK

Ein hovudprioritet her blir å få einigheit om at det skal forhandlast fram ein global avtale mot plastforureining. Ein slik avtale bør også omfatta tiltak retta mot mikroplast, skriv han.

Tiltak for miljø og lommebok

Schulze håpar at produsentane tar på seg å laga meir slitesterke dekk tilpassa elbilar.

– Dekk er kompliserte produkt med mange bestanddelar, men produsentane jobbar aktivt med dette, seier Nauste.

Smedshaug skriv at det jobbast med reguleringar på europeisk nivå, men at arbeid står att.

– Når det gjeld for eksempel krav til utforming av bildekk, er me avhengige av å jobba saman med EU. Får me felles krav til korleis bildekk skal lagast, er det potensial for å redusera mikroplasten som sleppast ut i naturen, skriv han.

Nauste peikar på tiltak den enkelte sjåfør kan gjere for å bøta på problematikken.

Blant anna er det viktig å ha riktig lufttrykk og hjulstilling, samt å køyra jamt, altså utan å akselerera eller bremsa for ofte.

– Det vil vere «vinn-vinn», både for miljøet og lommeboka, seier Nauste.

Kommunikasjonsleiar i Norsk elbilforeining, Unni Berge, er klar over problematikken. Ho ønsker velkomen meir slitesterke dekk og lettare batteri frå produsentane.

Unni Berge, leder for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening

FORBETRINGSPOTENSIAL: Mikroplast frå elbilar, og bilar generelt, er ei utfordring me er klar over, seier Unni Berge i Norsk Elbilforening.

– Slik kan det gå lenger mellom kvar gang me må skifta dekk, og utsleppa av mikroplast blir mindre, seier Berge.

Forskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Ingvild Skumlien Furuseth, forskar på tiltak mot dekkslitasje.

Ho viser til miljøfartsgrenser, samt piggdekkgebyr- og forbod, som tiltak mot mikroplastutslepp frå dekk.

– Piggdekk slit meir på meir på vegbana enn andre dekk, og røffare vegar slit igjen meir på dekk, fortel Furuseth.

Piggdekk på lager

PIGGDEKK: Røffe dekk fører til røffe vegar som slit på dekk.

Foto: Kaj Hjertenes / Nrk

Vidare meiner ho ein bør legga meir til rette for gonge, sykling og kollektivtransport som alternativ til elbilar.

Vurder om du treng å køyra eigen bil, er hennar råd. Det er i tråd med regjeringa sitt ønske.

Det også et viktig poeng å få ned bilbruken, og jobba for å erstatta bilen med kollektivt, sykkel og gonge der dette er mogleg, skriv Smedshaug.

Må du bruka bilen, er rådet frå dekkhandlar Gundersen klart.

– Dekk forureinar, så ikkje ver så hissig med høgrefoten.

Hva er egentlig mikroplast, og kommer den til å ta livet av oss alle? Line drar til Lofoten, hvor mange tonn bittesmå plastbiter hvert år havner rett i matfatet til fisken. Kan vi gjøre noe for å stoppe mikroplasten?

Kva er eigentleg mikroplast, og kjem den til å ta livet av oss alle? Line drar til Lofoten, kor mange tonn bitte små plastbitar kvart år hamnar rett i matfatet til fisken. Kan me gjere noko for å stoppa mikroplasten?