Hopp til innhold

7 av 10 forstår ikkje turistinformasjonen i Egersund

70 prosent av turistane i Egersund er utanlandske, og det er tyskarane som er den største gruppa. Likevel er mykje av informasjonen berre tilgjengeleg på norsk.

Tommy Tengesdal Olsen

EITT BLAD, EITT SPRÅK: Informasjon om Egersund finst berre på norsk. Turistvert Tommy Tengesdal Olsen fortel at det er problematisk.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– It would have been a good idea if it was printed in english also, seier Claudia Hinz på engelsk med ein tjukk, tysk aksent.

– English, and maybe german, held ein tysk medturist fram.

For det er ikkje lett å vera tysk turist i Eigersund når informasjonsbrosjyren om kommunen er på norsk.

– Me kan forstå litt av teksten, men det er vanskeleg, held Hinz fram.

Claudia Hinz

FORSTÅR LITE: Tyske Claudia Hinz slit med norsken, i likskap med dei fleste andre tyske turistar, og går dermed glipp av mykje turistinformasjon om Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er eit problem

I juli besøkte 1000 turistar Egersund turistinformasjon, om lag 30 prosent færre enn same månad i fjor. 700 av dei besøkjande er utanlandske, og det er flest frå Tyskland.

Turistvert Tommy Tengesdal Olsen fortel at det byr på problem

– Det er eit problem. Det er sjølvsagt litt informasjon som er på fleire språk, seier han, og trekk fram ei brosjyre om Nordsjøruta, som er på norsk, engelsk og tysk, seier Tengesdal Olsen.

– Men lokale blad, som egersundsbladet, er berre tilgjengeleg på norsk. Det er litt dumt, for det står veldig mykje spennande i det som er kjekt å vita for alle, seier han.

Sommerbåten er i Egersund

LETTAST FOR DEI SOM KAN NORSK: Egersund er lettast for dei som kan norsk. Her frå då Sommerbåten besøkte byen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Fjerna frå kartet

I tillegg har Eigersund kommune meldt seg ut av Region Stavanger, og er dermed fjerna frå lista av reisemål langs Nordsjøvegen i deira informasjonskanalar. Egersund eksisterer ikkje ein gong på kartet.

– Det hoppar galant over Egersund, og så er det vidare til Sokndal, seier Tengesdal Olsen.

– Ønskjer folk å vera lenge i Egersund, eller er det berre eit stopp på veg til Preikestolen?

– Det er litt begge deler, svarar turistverten.

Vil tilbake på kartet

Eigersund næring og hamn KF er ansvarleg for turistinformasjonen i kommunen. Dagleg leiar Lars Kolnes tek rapporten frå juli på alvor, og har ambisjonar om å bli betre på både informasjon og tilbod til turistane.

– Ja, brosjyrar, kart og tilbod heng saman. Det er klart me må bli endå betre på å gi turistane noko substansielt, seier Kolnes.

– Er det eit problem at Eigersund ikkje er med i Nordsjøvegen?

– Det er veldig spesielt at me ikkje finst på noregskartet lenger, så etter sesongen vil eg ta ein diskusjon med Nordsjøvegen og høyra om moglegheitene for medlemskap.