Hopp til innhold

Ber folk sleppe ut etterveksten

Frisørar blir bedt om å komme heim for å fikse håret. Mange treng hjelp mot ettervekst og viltre hårsveisar. – Ikkje tida for å vera perfekt, hevdar frisørar.

Ettervekst

ETTERVEKST: Når frisørane ikkje lenger er tilgjengelege kjem etterveksten snikande i ein nyanse vi helst ikkje vil sjå.

Foto: Ingvild Lindås

– Etterveksten har nesten blitt eit symbol på samhaldet. Når vi kjem ut på andre sida kan det vere fint å vise fram etterveksten, seier Jarl Martin Garder i arbeidsgivarorganisasjonen Norske frisørar- og velværebedrifter.

Han oppmodar til det han kallar rein ettervekst-dugnad. At folk berre lar det stå til, og firer på krava.

Skjermdump Monica Mæland PK-31. mars 2020

NATURLEG HÅRFARGE: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) på pressekonferanse 31. mars 2020.

Foto: NRK / Skjermdump

Nå er fleire veker utan opne frisørsalongar i ferd med å bli synleg for det blotte auge. Til og med statsrådar stiller på TV-intervju med tydeleg ettervekst.

Ber om hjelp i sosiale medium

Men ikkje alle klarer å slå seg til ro med etterveksten. Dei små grå blir fleire og fleire. Lyse frisyrar blir mørkare. Mørke frisyrar blir blasse.

På Facebook ber folk om råd i kampen mot etterveksten.

Kommentarfelt - ettervekst - korona 2

EIT GODT RÅD: Mislukka ettervekst-farging heime blei til eit godt råd for andre.

Foto: Skjermdump / Facebook
Kommentarfelt - ettervekst - korona

GÅ TIL FRISØREN: Fleire ber om ettervekst-råd på Facebook for tida.

Foto: Skjermdump / Facebook

– Nokre frisørar har blitt kontakta av kundar og spurt om ikkje dei kan komme heim til dei for å klippa. Det er ein altfor stor risiko å ta, men nokre vil kanskje falle for freistinga og tenke at dei er friske, seier Eva Moi Skøie, leiar i Agder velvære og frisørlaug.

Og ho tenker at denne perioden kan dra noko ut i tid.

Eva Moi Skøie, leder i Agder frisørlaug.

Eva Moi Skøie

Foto: Privat

– Eg trur frisørsalongar blir blant dei siste som får lov til å opna opp igjen. Eg er redd dette kan vare i fleire månader.

Det kan bety at Elisabeth Johnsen Lindboe i Lillesand får fortsetje med å sette håret opp i hale. Ho har ikkje vore hos frisøren på fire månader. Nå er håret nesten som stålull å rekne.

Slitt hår.

Sletne hårtuppar er noko fleire strir med om dagen. – Eit i-landsproblem.

Foto: Privat

– Eg kjenner fleire frisørar, men har ikkje lyst til å bryte dugnaden. Det freistar veldig, men eg skal la vere. Å ikkje få klippa håret er eit i-landsproblem. Det er ikkje verdt å smitte folk for ein hårklipp.

Rår frå heimefarging

Trond Skeide Johannessen

Frisør Trond Skeide Johannessen i Bergen.

Foto: Silje Thalberg / NRK Hordaland

Trond Skeide Johannessen driv Tronds frisørteam i Bergen. Han rår frå kundane å farge håret heime. Viss det er krise, tilrår han nokre sprayar som du kan bruke heime, eller ein svakare heimefarging.

– Men samstundes får eg litt respekt for dei som går med ettervekst. Eg har sansen for dei som står fram på TV og støtter oss frisørar med å seie at ja, shit i etterveksten.

Han oppmodar folk om å gå med etterveksten utan å bry seg.

– Eg syns det er gode signal å sende, så har me litt å gjere når vi kjem attende. Eg gler meg kvar dag til den tida kjem.

Fiksar sveisen sjølv

For dei som vel å droppe oppmodinga om å sleppe ut etterveksten, er det likevel ei slags hjelp å få

Hårfagre frisør i Haugesund har opent eit par timar, slik at kundane får kjøpe det mest naudsynte, og fekk med kyndige råd på kjøpet.

– Eg viser kundane korleis dei skal gjere det heime. Eg sel mest heimefarge og spray for etterveksten, seier Marita Sørensen ved Hårfagre frisør i Haugesund.

Hårfargeprøver - Berit Santin

RETT FARGE: Berit Santin skal farge håret heime. Frisør Marita Sørensen hjelper til med å finne rett farge.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Råd som blant andre Berit Santin sett pris på.

– Det er kjempeflott at salongen er open. Eg må dekke til dei grå håra, seier ho og tar med seg posen med hårfarge, og gode frisørråd heim.

Og det er også folk som nå tek frisørsaksa i eigne hender. Eller vurderer å gjere det.

– Den eine sonen min har fått løvemanke. Eg har vurdert å kjøpe ei skikkeleg frisørsaks, men uansett kor bra saks eg har, trur eg ikkje det vil bli bra. Sjølv med hjelp frå YouTube, seier Lindboe.

Flere nyheter fra Rogaland