Hopp til innhold

Ber fastlegar slutta med Facebook-chat

Mange fastlegekontor her i landet opnar for direkte kommunikasjon med pasientane gjennom Facebook. – Det er ulovleg og skal ikkje skje, slår helseministeren fast.

Pasient lege samtale illustrasjon

79 fastlegekontor opnar for direkte kommunikasjon med publikum gjennom Facebook-meldingar. Det vil helseministeren ha slutt på. Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

– Dei fastlegekontora som bruker Facebook til å kommunisera med pasientane må slutta med det fordi det aukar faren for at pasientsensitiv informasjon blir formidla på ein utrygg måte, seier helseminister Bent Høie (H), til NRK.

I ein landsomfattande test frå Forbrukarrådet kjem det fram at 79 fastlegekontor opnar for direkte kommunikasjon med publikum gjennom Facebook-meldingar.

Forbrukarrådet fryktar helseopplysningar kan komma på avvege, og då testen blei gjort kjent førre månad etterlyste dei trygge og smarte måtar å dela informasjon med fastlegen på.

– Fastlegane risikerer at pasientar skriv om sensitive helseopplysingar i den tru at Facebook Messenger er ein privat kanal, sa direktøren i Forbrukarrådet, Randi Flesland, i pressemeldinga (ekstern lenke).

Kryptert informasjon

Geir Bækholt

Geir Bækholt, dagleg leiar i Crypho.

Foto: Martin Aalby Svalesen / Crypho

Eit selskap som arbeider med å laga løysingar for å dela digital informasjon på ein sikker måte er Crypho. Dei bygger tekniske løysingar for kryptert informasjon.

Når all informasjon er ende-til-ende kryptert, kan den ikkje opnast og bli lest før den er trygt framme hos mottakaren.

– Eit slikt verktøy kan gjera det lettare for pasientar å kommunisera med helsevesenet. Ein kan senda konfidensiell pasientinformasjon i sanntid, for eksempel bilete, utan å uroa seg for at pasientinformasjon kjem på avvege, seier dagleg leiar Geir Bækholt i Crypho.

Blant anna bruker 15-20.000 pasientar ved fertilitetsavdelinga ved Sykehuset Telemark dette verktøyet til å kommunisera med avdelinga si på.

Sjukehuset seier til NRK at det er for tidleg å seia noko om erfaringane etter eit halvt års tid, men seier systemet blei innført for at pasientane lettare skal komma i kontakt med sjukehuset og for at kontakten skal skje på ein sikker måte.

– Like vanleg som nettbanken

bent høie

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høyre

Helseminister Bent Høie viser til den offentlege helseportalen helsenorge.no (ekstern lenke). Det er plattforma styresmaktene meiner pasientane skal bruka for å koma i kontakt med helsetenesta digitalt.

– Nå blir det også rulla ut eit tilbod der ein kan endra timar og utveksla meldingar med fastlegen. Mange fastlegar har alt tatt dette i bruk, men me håpar å få dette landsomfattande i løpet av 2018-2019, seier Høie.

– Kor sikre kan me vera på at dette er trygge kanalar?

– Dette er trygge kanalar for utveksling av helseinformasjon. Eg er heilt sikker på at i framtida blir det like vanleg for oss å bruka denne nettstaden når me skal komma i kontakt med helsetenesta, som det er å bruka nettbanken når me skal kontakta banken.