Hopp til innhold

Svindlarane køyrer det opp eit hakk i julestria: – Det er ubehageleg

Svindlarane tar ikkje juleferie. I staden prøver dei å utnytta at me er stressa og har dårleg tid.

Forsøk på svindel.

Svindlarane kan forsøke å nå deg både på e-post, SMS, Messenger, Instagram, TikTok og gjenbruks-appar.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Eg har fått virus på telefonen, sidan eg har trykt på lenker og ikkje forstått det før det var for seint. Det har blitt trekt pengar frå konto også, men eg fekk dei tilbake igjen av banken ganske kjapt, seier Monica Solberg-Leinebø.

Nå har ho blitt meir bevisst på ukjente e-postar og meldingar som fell inn i innboksen hennar.

Monica Solberg-Leinebø

Monica Solberg-Leinebø lét seg lure og fekk virus på telefonen sin.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

I juletida opplever mange at innboksen fyller seg opp med forsøk på svindel.

Det kjem både på e-post, SMS, Messenger, Instagram, TikTok og gjenbruks-appar.

Venninnene Hanne Utvik og Ragnhild Lura opplever dagleg svindel-forsøk på fleire ulike plattformer.

Eg får sikkert 20 dagleg. Det er ubehageleg, for ein kan fort bli lurt, seier Lura.

– Eg synest synd på dei som går på det, seier Utvik.

Hanne Utvik og Ragnhild Lura

Venninnene Hanne Utvik og Ragnhild Lura har klart å skilje svindel frå reelle førespurnadar.

Foto: Privat

Meiner det er lurt å vera skeptisk

Det er frykteleg mange SMS-ar som blir sendt ut til kundar, seier fagleiar Marit Sola i antisvindel-eininga i Sparebank 1 SR-Bank.

– Eit kjenneteikn er SMS-ar med ei lenke i. Då må du stoppa opp og vurdera om dette er tilfellet. Er det noko du ventar på?

Aldri før har tryggleiksavdelinga i SR-Bank hatt det meir travelt enn no.

– Me såg det i haustferien i oktober. Og nå er me førebudde på at det kjem ein topp i juletidene. Folk har det travelt og er litt stressa. I alle fall viss det kjem varsel om inkasso. Då er dei kjappe med å få det vekk, seier Sola.

Marit Sola, fagleiar i antisvindeleininga i tryggleiksavdelinga i SR-Bank.

Marit Sola, fagleiar i antisvindel-eininga i tryggleiksavdelinga i Sparebank 1 SR-Bank.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Ho seier at hovudmengda unngår å bli svindla.

– Men i ei travel juletid, med alt du skal hugsa på, er det fort gjort å gjera noko litt kjapt. Så viss du får ein slik SMS: Ikkje svar der og då. La det gå nokre timar til du har kome heim og får tid til å kikka på det og vurdera om det kan stemma.

Ho fortel at ein gjør lurt i å vera veldig skeptisk.

– Det er kjent at me har pengar i Noreg, og det veit svindlarane. Dei prøver på alle moglege måtar å henta pengar frå nordmenn. Så du skal tenka ein ekstra gong, seier Sola.

– Ikkje la deg ete opp av stresset

Markus Kleppe Gjennestad er senior fagspesialist i sikkerheitsavdelinga i Sparebank 1 SR-Bank. Han seier at om noko verkar som det er for godt til å vere sant, så er det ofte det.

Markus Kleppe Gjennestad

Markus Kleppe Gjennestad, senior fagspesialist i sikkerheitsavdelinga i Sparebank 1 SR-Bank.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

– Eg trur nordmenn har blitt veldig forsiktige etter kvart. Derfor har svindlarane prøvd å gå over til å svindla oss når vi skal selje ting. Da har vi lågare skuldrer, og sit på verdiobjektet som skal seljast. Men vi blir likevel svindla.

Hans tips er å ikkje la deg ete opp av stresset, tenke deg om og ikkje ta betalingar i bilen på veg heim.

Vent til du har snakka med andre. Og ikkje minst: Bruk banken for alt den er verd.

Det verkar ikkje som svindlarane tar juleferie. Det verkar heller som at de køyrer det opp eit gir inn mot jul. Derfor er det viktig at vi er på vakt gjennom jula.