NRK Meny
Normal

Avblåser redningsaksjon i Sauda

Det blei slått alarm etter eit rundt 30 meter breitt snøskred Kyrkjenuten i Suada. Det vart meldt om skispor i området. Rasområdet er no gjennomsøkt.

Laster kart, vennligst vent...

Ein luftambulanse og eit redningshelikopter vart sendt til staden, i tillegg til mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshundar.

Politiet fekk melding om snøskredet klokka 15.10.

– Vi jobbar for fullt på staden no. Vi har ikkje oversikt. Fire-fem personar har meldt at det går skispor inn i skredet. Dei usikre på om det også går ut av området, sa redningsleiar Owe Frøland ved 16-tida.

Tonning seier dei har sendte ut alt tilgjengeleg mannskap.

– Dette er eit populært område for turgåarar, og spesielt no i påska, seier Tonning.

– Difor sendte vi ut det vi hadde. Vi sente ut betydelege ressursar.

Snøskredet har gått i eit utilgjengeleg område, ifølgje politiet – om lag 1500 meter over havet.

Laster Twitter-innhold