Hopp til innhold

Statsmeteorolog: – Ver på vakt uansett skredvarsel

– Skredet i Rondane viser at ein også må vere forsiktig sjølv om faregraden er låg, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe. Sjekk kva område som har størst snøskredfare i påska.

Luftambulansen

– VER PÅ VAKT: NRK-meteorolog Terje Alsvik Walløe oppmodar alle om å vere på vakt, uansett skredvarsel. Dette bilete er frå eit snøskred i Isfjorden i 2012.

Foto: Per Magne Bae

Det er moderat snøskredfare fleire stader i landet. Den einaste staden det er meldt om betydeleg faregrad i påska, er i Fjordane og Sunnmøre. Der bør ein følgje dette rådet frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE): «Unngå bratt terreng».

Men ifølgje NRK-meteorolog Terje Alsvik Walløe bør ein også vere forsiktig på stader med lågare faregrad. Det er snøskredet i Rondane torsdag eit døme på.

– Det var uflaks, for det skal litt til for å løyse ut skred i områder som ikkje har stor eller betydeleg faregrad. Skredet i Rondane viser at ein også må vere forsiktig i området med moderat eller liten skredfare. Skred i slike området er stort sett menneskeskapt, seier Walløe.

– Skredfaren vil heller gå ned, enn opp

NVE har ein eigen skala for vurdering av snøskredfare: Stor, betydeleg, moderat og liten faregrad (sjå eigen faktaboks).

Terje Alsvik Walløe

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Snøskred kan gå heilt av seg sjølv når det er stor eller betydeleg snøskredfare. Når det er moderat eller liten faregrad skal det mykje til for å utløyse skred, men er det bratt terreng og snø, kan det gå skred uansett, seier Walløe.

– Ein bør halde seg unna bratte skråningar med snø. Jo brattare det er, jo farlegare er det. Så enkelt er det, seier Walløe.

Statsmeteorologen seier utsiktene for påska er gode, og at det vil blir relativt låg snøskredfare i dagane som kjem.

– Skredfaren vil heller gå ned, enn opp. Det er meldt låge temperaturar, lite nedbør og lite vind, noko som gjer at skredfaren vil vere låg, seier Walløe.

Sjekk snøskredfaren i ditt område:

snøskredvarsel

– Det var feil mann på feil plass

Litt før klokka tolv torsdag fekk naudetatane melding om eit snøskred ved Rondvassbu i Rondane. Ein frykta ei stund at folk var tatt av skredet, men ein fekk etterkvart stadfesta at det ikkje stemte.

Redningsmannskap kom i kontakt med ein skiløper som meiner å ha utløyst skredet.

– Det var feil mann på feil plass. Han må ha vore i eit ustabilt og svakt parti, seier Walløe.

Faregrader i påska:

Område

Torsdag

Fredag

Laurdag

Fjordane

3

2

2

Sunnmøre

2

3

2

Alta

2

2

2

Balsfjord

2

2

2

Kåfjord

2

2

2

Lyngsalpan

2

2

2

Narvik

2

2

2

Romsdal

2

2

2

Røldal

2

2

2

Salten

2

2

2

Sogn

2

2

2

Svartisen

2

2

2

Trollheimen

2

2

2

Tromsø

2

2

2

Voss

2

2

2

Bardu

2

2

1

Hallingdal

2

2

1

Lofoten

2

2

1

Vesterålen

2

2

1

Jotunheimen

2

1

1

Senja

2

1

1

Rauland

1

1

1

Tamokdalen

1

1

1

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ