Hopp til innhold

Stor leiteaksjon avblåst etter snøskred i Rondane

Det blei torsdag ettermiddag sett i gang ein stor aksjon etter eit større snøskred aust for Rondvassbu i Rondane. Ingen er meldt sakna.

Rondvassbu - skred

Politiet opplyser klokka 13.45 at redningsmannskap har vore i kontakt med ein skiløpar som meiner å ha utløyst raset. Ingen personar er sakna, og politiet opplyser at dei no jobbar med finsøk i området.

– To helikopter er framme på staden. Dei har tatt med seg helsepersonell og ein lavinehund inn i området. I tillegg er fleire redningshundar på veg med snøskuter, seier vakthavande redningsleiar Nils Ole Sunde på Hovudredningssentralen Sør-Noreg ved 13-tida.

Skredet har gått i Illmanndalen aust for Rondvassbu i Rondane.

Laster Twitter-innhold

NRK har vore i kontakt med politiet på staden, som fortel at det er redusert sikt i området.

Det var Dagbladet som først melde om skredet. Den første meldinga om skredet kom klokka 11.47, ifølgje NTB.

– Minst ein person skal vere observert i nærleiken av skredet. Vi fryktar at ein eller fleire kan vere tatt. Difor sjekkar vi grundig, sa Sunde til NRK ved 13-tida torsdag.

NRK får av Rondvassbu Fjellstue vite at ingen gjestar der er meldt sakna.

Laster Twitter-innhold

Politiet i Gudbrandsdalen oppretta ein sentral ved Mysuseter, om lag ei mil unna Rondvassbu, for å koordinere ressursane i området.

Flere saker fra Innlandet