Hopp til innhold

Åtvarar folk mot å gå til Preikestolen

Torsdag er det meldt kraftig vind og regnbøyer. Difor vil beredskapen vera på topp ved det kjende turmålet.

Preikestolen

Audun rake i Stiftelsen Preikestolen fryktar slike forhold på vegen til Preikestolen på torsdag.

Foto: Norsk Folkehjelp Strand og Forsand

– Det er stor risiko ved å gå turen i morgon, i tillegg vil det heller ikkje vera noko stor oppleving, seier dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Audun Rake.

Torsdag er det meldt kraftig vind og regn i Rogaland, og det kan difor bli svært dårlege turforhold opp til Preikestolen.

Laster Twitter-innhold

Dårleg kledde turgåarar

I sommar trossa turistar dårlege vêrforhold, og det resulterte i fleire redningsaksjonar. Difor går Stiftelsen Preikestolen no ut og åtvarer i forkant.

– Me fryktar at folk blir kalde og fryser, og at dei dermed får alvorlege problem på grunn av det.

Audun Rake

Audun Rake i Stiftelsen Preikestolen håpar turgåarar held seg unna Preikestolen på torsdag.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Mange av dei som kjem til Preikestolen er utanlandske turistar, og dei er ikkje alltid førebudde på det som ventar, fortel Rake.

– Me ser er at dei som kjem no er jamt over dårleg kledde, dei skjøner ikkje kva slags tur dette er. Dei er kledde som om dei skulle gå ein tur i parken. Det er ikkje forhold for det nå.

Vil ta den strenge tonen

Dei kan ikkje nekta nokon å gå opp til Preikestolen, men Rake lovar at dei vil stå ved starten på stien og gi klar beskjed til dei som prøvar.

– Me kan be folk om å bruka hovudet. Og det nyttar, viss me berre er strenge nok.

Og i morgon blir de strenge?

– I morgon blir me veldig strenge.

Men dei har også teke sine forholdsreglar. Folkehjelpa vil til dømes vera i beredskap, i tilfelle dei må rykka ut på kort varsel.

– Me held så høg beredskap som me overhovudet kan for å hindra at folk skal koma til skade, avsluttar Rake.

Ålgård Skolekoprs holder konsert på Preikestolen

Slik ser det ut på Preikestolen på ein godvêrsdag, men det vil neppe sjå slik ut i morgon.

Foto: Ole Omland

Flere nyheter fra Rogaland