Hopp til innhold

Ankesaka mot Merete Hodne startar i dag

I tingretten blei Hodne dømd for å ha nekta ei kvinne med hijab tilgang til frisørsalongen sin. No skal lagmannsretten ta stilling til om dette er religiøs diskriminering.

Merete Hodne og Linda Ellefsen Eide i Jæren tingrett

Merete Hodne (til høgre i bildet) blei dømd for religiøs diskriminering i Jæren tingrett i september i fjor.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Eg hadde håpa at me var ferdige med denne saka. Men eg visste jo at ho høgst truleg kom til å anka. No håpar eg dette blir siste runde, og at me får ei avslutning, seier Malika Bayan.

Det var ho som melde Merete Hodne til politiet, etter at ho blei nekta adgang til frisørsalongen hennar, fordi ho hadde på seg ein hijab.

Malika Bayan utenfor retten

Malika Bayan melde Merete Hodne til politiet, då ho blei nekta adgang til frisørsalongen hennar på Bryne i oktober 2015.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Hodne blei dømd for religiøs diskriminering i tingretten, men ho anka dommen, og i dag startar ankesaka i Gulating lagmannsrett.

– Eg er nervøs, og spent på kva som vil bli lagt fram i retten, og korleis dommarane kjem til å ta omsyn til det som blir lagt fram, seier Bayan.

Politisk eller religiøst

Hodne blei i tingretten dømd for å ha brote paragraf 186 i straffeloven. No er det lagmannsretten sin tur til å ta stilling til om det var religiøs diskriminering å nekta Bayan tilgang.

Hodne har innrømma at ho avviste Bayan fordi ho hadde på seg ein hijab, men ho forklarer dette med at ho fekk "hetta", fordi ho ser på hijab som eit symbol på ein totalitær ideologi, og ikkje eit religiøst plagg.

Hijab er for meg eit totalitært symbol. Eit ekstremt symbol. Eg blir dårleg når eg ser folk med hijab.

Merete Hodne i Jæren tingrett

Forsvaret vil kalla inn fleire ny vitne i retten, som vil støtta Hodne i hennar syn på hijab som eit politisk plagg.

– I lagmannsretten så kjem me til å legga fram meir dokumentasjon på at hijab er eit politisk symbol, og ikkje eit religiøst symbol, seier forsvararen til Merete Hodne, Linda Ellefsen Eide.

Ho fortel at fire nye vitne er kalla inn for å gi retten ei forståing av kva dei meiner hovudplagget hijab er.

– Det meiner eg blir litt på sida av saka, så lenge hijab blir oppfatta som eit religiøst plagg av folk flest, seier aktor i saka, Asbjørn Eritsland.

Mona Walter og Merete Hodne

Samfunnsdebattant Mona Walter er blant vitna som skal støtta Merete Hodne i hennar syn på hijab som eit politisk symbol.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Står fast på at det er diskriminering

Malika Bayan står fast på at hijab er eit religiøst symbol for henne.

– Dei prøver å vri det om til at det handlar om politikk, og ikkje religion, og det er ikkje sant. Eg veit kva som skjedde, og står for at det er diskriminering, og at hijab er eit religiøst plagg.

Ho meiner det er prinsipielt viktig at Merete Hodne blir dømd også i lagmannsretten.

– For meg hadde det vore eit stort tap dersom ho hadde blitt frikjent, fordi det opnar dører for andre som har same synspunktet som henne. For meg er det viktig å få sett eit døme, og at retten anerkjenner at dette ikkje er greitt, seier Bayan.

Merete Hodne ynskjer ikkje å uttala seg til NRK, før rettssaka startar.