Hopp til innhold

Mann i 20-åra sikta for grov kroppsskade

Ein mann i 60-åra er kritisk skadd etter ei hending i Egersund måndag kveld. Ein annan mann i 20-åra er sikta for grov kroppsskade og erkjenner dei faktiske forholda.

Politi på plass i Egersund etter voldshendelse

Politiet var på plass der valdshendinga skjedde i Egersund frå seint på kvelden måndag til tysdag morgon.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Det var klokka 22.20 måndag kveld politiet fekk melding om ei alvorleg valdshending i Egersund.

– Då politiet kom på staden trefte me to menn. Ein av dei, ein mann i 60-åra, blei frakta til Stavanger universitetssjukehus, medan den andre mannen blei pågripen og sikta av politiet, skriv politiadvokat Ellen Mellemstrand Gimre i ei pressemelding.

Det skal vere ein nær relasjon mellom sikta og fornærma.

– Det er ein nær relasjon mellom de to, men eg kan ikkje si noko meir enn det, seier Gimre til NRK.

Politiet har tysdag morgon gjort seg ferdig med undersøkingane i bustaden i Egersund, der valdshendinga har skjedd.

Dei har også gjort unna ein dør til døraksjon i området for å få klarlegge årsaka til det som skjedde.

Tilstanden skal vere kritisk

Politiet opplyser at skaden er gjort med ein gjenstand, som dei har tatt vare på.

Men dei vil ikkje gå inn på om det er ein kniv, eit slagvåpen eller eit vanleg våpen.

Personane som er involvert er ikkje kjent for politiet frå tidlegare, ifølge operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Victor Fenne-Jensen.

Det er ingenting som tyder på at det har vore fleire personar innlandet i valdsepisoden, legg Gimre til.

Jourhavande jurist ved Sør-Vest politidistrikt, Per Arvid Bruskeland, fortel tysdag morgon til Dalane Tidende at tilstanden til fornærma er kritisk, men stabil.

Gimre vil ikkje bekrefte dette, men seier at fornærma er innlagt på Stavanger universitetssjukehus, og at han ikkje kan avhøyrast tysdag.

Valdshendinga skjedde sentralt i Egersund i Rogaland.

Den sikta erkjenner dei faktiske forholda

Tysdag ettermiddag opplyser politiet at den sikta mannen i 20-åra er avhøyrd på politihuset i Stavanger.

Eg kan ikkje gå inn på kva han har sagt i avhøyret, seier politiadvokat Cathrine Monsen i ei pressemelding.

Politiet opplyser at dei er tidleg i etterforskinga, men at dei er godt i gang med arbeidet.

Politiet har foreløpig ikkje tatt stilling til varetektsfengsling. Dette vil tidlegast skje i morgon. Me har ikkje ytterlegare opplysingar i saka i dag, seier Monsen.

Helene Haugland er oppnemnd som forsvarar for den sikta mannen. Ho seier til NRK at klienten hennar erkjenner dei faktiske forholda.

– Han er nedfor og lei seg for det som har skjedd.

Den sikta mannen har ennå ikkje tatt stilling til spørsmålet om straffskuld.

– Det er fordi det er nødvendig å vurdera den psykiske helsa hans som vil avgjera korvidt han er tilrekneleg eller ikkje, seier Haugaland.