– Eg skal høyra på ei kanon, fordi eg likar så godt at det seier "pang".
Barn og vaksne ventar på smellet på "sjørøvarskuta" Anna af Sand.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKJohannes Tendenes er heilt i hundre. Han og faren, Anders Tendenes, har kledd seg ut som sjørøvarar og er om bord på museumsskuta Anna af Sand i Vågen i Stavanger.
- Les også:
Den store museumssjørøvardagen
– I fjor hadde me 700 personar innanfor dørene, I år trur eg det blir endå fleire, seier museumspedagog Kristin Vestrheim Cranner ved Stavanger maritime museum.
Museumspedagog på sjøfartsmuseet i Stavanger, Kristin Vestrheim Cranner satsar å publikumsfrieri ein gong i året.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKDette året er det femte gongen dei innbyr til sjørøvardag på museet. Utstillingar inne i bygget, og nede ved kaien ligg skuta Anna af Sand. Ei seglskute som gjekk i fraktefart i Hardanger og Ryfylkefjordane frå 1848, og som nå er omgjort til sjørøvarskute med kanon.
– Det ligg jo der hos mange, den fascinasjonen for røveri og piratar og slikt. Så det er berre å plukke den opp. Det me gjer er å hekta på kulturarvbiten, og det likar folk, seier Vestrheim Cranner.
- Les også:
Piratar er gode greier
Sjørøvardagen har utvikla seg til å bli det største publikumsarrangementet som Stavanger maritime museum har.
– Det er det store publikumsfrieriet me har kvart år, seier museumspedagog Vestrheim Cranner.
Even Kristensen i full sjørøvarmundur.
Foto: Eirik Gjesdal / NRKFor museet er dette eit lågterskeltilbod som skal få nye folk innanfor dørene til museet, som slett ikkje alle i Stavanger veit eksisterer.
– Folk likar jo å kle seg ut, det gjeld både for gutar og jenter. Og så er det noko barnefamiliar er vant med, seier museumspedagogen.
- Les også:
Noko som blir stadfesta av Anders Tendenes, som har med seg sonen Johannes på sjørøvardagen.
– Det er alltid gildt å vera sjørøvar. Får eg sjansen så treng ingen å be meg to gonger, seier Anders Tendenes.