– Innbrotet var ikkje straffbart, men nødvendig

Dei fire aktivistane, som er tiltalte for å bryta seg inn på ein pelsdyrfarm i Rogaland sommaren 2013, nekta straffskuld då rettssaka starta i dag.

Tiltalte på vei inn i rettssalen

To av dei tiltalte (f.v.) Silje Amalie Vandeskog og Rune Ellefsen på veg inn til dag ein av rettssaka mot dei i Jæren tingrett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg meiner at innbrotet var nødvendig for å avdekka alvorlege brot på dyrevelferdslova, seier Rune Ellefsen på veg inn i Jæren tingrett tysdag morgon.

Han er ein av fire som i dag står tiltalt for innbrot på pelsdyrfarmen til Lodve Haaland på Figgjo i Sandnes kommune sommaren 2013. Haaland er leiar for Rogaland og Hordaland pelsdyralslag.

Alle dei fire tiltalte har operert for organisasjonen «Nettverk for dyrs rettar». Det er også retta eit sivilt krav på meir enn 250.000 mot aktivistane.

Nekta straffskuld

Rettssaka starta tysdag morgon med at alle dei fire nekta straffskuld.

I aktor si innleiing blei det sagt at dei likevel erkjenner dei faktiske forholda.

– Då dei blei tekne erkjende dei for så vidt dei faktiske forholda, men nekta straffskuld, sa aktor Mina Kristin Rød.

Ho fortalde at dei blei tekne dagen etter aksjonen.

– Då det blei oppdaga at dei var på farmen blei det stukke hol i hjula på bilen deira, slik at dei ikkje skulle koma seg unna. Dei kom seg likevel unna, men prov som politiet fann i bilen førte oss til dei fire aktivistane dagen etterpå, sa Kristin Rød.

Advokat Christian Flemmen Johansen brukte store delar av innleiinga si for å grunngje erstatningskravet. Han fortel at det har vorer store utgifter i etterkant av innbrotet for å testa dyra for sjukdommar.

– Aktivistane tok ikkje omsyn til smittevernlovgivinga då dei tok seg inn på farmen. Derfor må me krevja erstatning for dei utgiftene som har kome i etterkant av dette, seier Flemming Johansen.

Rune Ellefsen

Rune Ellefsen angrar ikkje på at han ulovleg tok seg inn på ein gard på Figgjo sommaren 2013. Her er han i Jæren tingrett saman med advokaten sin Bent Endresen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Vil visa film

Forsvararen til dei fire aktivistane, Bent Endresen, meiner på si side at dei berre kan haldast ansvarlege for dei skadane som berre blei gjort under innbrotet. Det vil i så fall sei ei øydelagt dørhengsle.

Aktivistane har bede om å få syna fram eit videoopptak som blei gjort frå innbrotet. Dei meiner dette vil rettferdiggjera innbrotet.

– Innbrotet var ikkje ei straffbar handling, men ei nødvendig handling, seier Endresen i innleiinga si.

Pelsdyrbønder i rettsalen

PELSDYRBØNDER PÅ PLASS I RETTEN: Frå venstre: Jan Arild Seldal (Sandnes), Magne Henry Grude (Bjerkreim), Ove Oftedal (Sola), Per Haugstad (Hommersåk) og Erik Eidsvig.

Foto: Mathias Oppedal / NRK