– Det er på ingen måte opplagt at Nye Sandnes kommune får det som dei vil, meiner forskar på kommunereforma ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, Yngve Flo.
Men meiningane i Forsand er delte, og innbyggarane på nordsida av Lysefjorden har søkt Fylkesmannen om grensejustering – slik at Preikestolen og resten av området blir delt frå Nye Sandnes og lagt til Strand kommune.
I brevet til Fylkesmannen peikar dei på følgande grunnar til å bli ein del av Strand:
- felles handels-, arbeids- og buområde
- felles politidistrikt
- felles kyrkjesokn
- felles lokalavis
- felles arena for kulturtilbod og kulturformidling
- felles legevakt fram til 2016
- felles tannlegeteneste når den i framtida blir lagd til kommunane
– Handlar om tenestetilbod
Forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, Yngve Flo.
Foto: Åge Algerøy / NRKForskar Flo peikar på følgjande grunnar til at søknaden om grensejustering for nordsida av Lysefjorden kan vinna fram.
– Det handlar om tenestetilbod og kanskje også tilgang til visse administrative funksjonar. Eg har ikkje lokalkunnskap til å seia noko om dette, men når folk meiner det er grunnar for grensejusteringar er det i seg sjølv noko som sikkert sentrale styresmakter legg vekt på.
Men at delar av Forsand går til Strand er noko som blir blant avvist av Sandnes-ordførar Stanley Wirak.
– Det er eg heilt trygg på at ikkje skjer. Fleirtalspartia i Stortinget har bestemt av Sandnes og Forsand skal slå seg saman. Det er same statsråden som skal avgjera ei eventuell grenseendring. Dersom ministeren ønska at me skulle slå saman ein og ein halv kommune, hadde han ikkje sagt at to kommunar skulle slå seg saman.
- LES OGSÅ:
– Uheldig rekkefølge
Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.
Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRKMen det vil ta tid før det er hundre prosent avklart kva kommune Preikestolen hamnar i. Først skal Stortinget behandla kommunereforma i første halvdel av juni. Det kan bety at grensejusteringssakene først blir behandla etter stortingsvalet i haust.
Ei uheldig rekkefølge, meiner forskar Flo.
– Dette er litt problematisk fordi eg vil jo tippa at det er Preikestolen som lokkar og som skal brukast som marknadsføring av kommunen. Eg skjønar at ein del i Sandnes føler seg snytt dersom dei får den delen av Forsand der Preikestolen ikkje ligg.
I sitt foreløpige svar skriv også Fylkesmannen i Rogaland at dei ikkje kan ta stilling til spørsmålet om grenseendring før Stortinget har behandla kommunereform-saka. Men det er ikkje problematisk, ifølge Sandnes-ordføraren.
– Denne saka er avgjort, og det er klokt av Fylkesmannen å legga dette til sides. Det er ei «ikke-sak», seier Wirak, som hevdar Forsand er like interessant – også utan Preikestolen.