Hopp til innhold

– Helsedirektoratet vil framleis tilrå totalavhald for gravide

Nok ein studie viser at barn ikkje tar skade av mindre mengder alkohol under svangerskapet. Likevel endrar ikkje Helsedirektoratet på sine generelle råd til gravide.

Knut Inge Klepp

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Knut Inge Klepp, er glad for meir kunnskap om alkohol og svangerskap, men held framleis fast på at gravide ikkje bør drikka alkohol.

Foto: Colourbox og NRK/Solveig Husøy

– Me set pris på all god forsking. Derfor er me i utgangspunktet glad for denne studien som verkar som ein godt gjennomført studie.

Det seier assisterande direktør i Helsedirektoratet, Knut Inge Klepp, som i dag kunne lesa om den fjerde undersøkinga som viser dei same resultata: Det er ikkje farleg for gravide å drikka mindre mengder alkohol.

– Fleire gravide slepp å uroa seg

Denne gongen er det Åshild Skogerbø, undervisingsansvarleg psykolog ved Forskings- og undervisningseininga ved Stavanger Universitetssjukehus, som kom fram til resultatet.

Trass resultatet i forskinga, er beskjeden frå Helsedirektoratet klar.

– Kvinner som er gravide bør likevel ikkje drikke under svangerskapet, det meiner me, og det meiner også forskarane bak denne studien. Me vil halda fram med å tilrå totalavhald frå alkohol under svangerskap, seier Klepp.

Han meiner kunnskapen likevel er god å ha for mange gravide.

– Det er fint å sjå at små mengder alkohol ikkje har ein effekt på barnet. Dermed treng ikkje kvinner, som har drukke alkohol før dei visste dei var gravide, uroa seg, seier den assisterande direktøren i Helsedirektoratet.

Inga trygg grense

Sjølv om studien seier at små mengder går fint, er det likevel vanskeleg å sei at det finst trygge nivå når det kjem til kor mykje ein kan drikke. Dette slår forskaren fast.

– Det er mange som har bedd oss om å koma med ei trygg grense for kor mykje ein kan drikka, men det kan me ikkje gjera, seier Skogerbø, som meiner Helsedirektoratet har ei fornuftig tilnærming til forskinga hennar.

Ho legg også til at dei er klar over seriøse studiar som seier at alkoholinntak kan føra til spontanabort.

– Dette er gode studiar, men for å sei det litt brutalt så har me forska på dei barna som overlever, og sett på kva effekt alkoholen har hatt på desse, seier ho.

I Norge er det lita oversikt på alkoholskadar hos barn, innrømmer Klepp.

– I Norge er råda me gjer laga for å førebygga denne type skade, og det er mykje som tyder på at dette fungerer. Men me har ikkje gode data på alkoholskadar hos barn, det heng saman med at rapporteringssystemet ikkje er godt nok, seier han.