NRK Meny
Normal

Rapport: – Legevaktene har store utfordringar

Ein ny rapport slår fast at legevaktene i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord har store utfordringar. Dette legg press på planane om felles legevakt i Ølen.

Knut Omdahl

Kommuneoverlege i Vindafjord og Sauda, Knut Omdahl, meiner dagens legevaktordning i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord ikkje er god nok.

Foto: Thomas Halleland

Legevaktene i desse kommunane skårar dårleg i ulik grad på forskjellige område. Dette gjeld både kvalitet, legeberedskap- og bemanning, rekruttering og responstid.

Det er Agenda Kaupang som har laga ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) knytt til planane om felles legevakt for dei fire kommunane i Ølen.

Analysen blei offentleggjort onsdag ettermiddag og skal danna grunnlag for avgjerdene i kommunestyra i mars og april i år.

Stor motstand

Kirsten Vetrhus

Kirsten Vetrhus kan får lang reisetid til legvakten dersom den blir lagt til Ølen.

Foto: Magnus Stokka

Planane om legevaktsamarbeid har det siste året skapt stort lokalt engasjement og motstanden er stor i Suldal og Sauda. Fembarnsmor Kirsten Vetrhus bur på Bråtveit i Øvre Suldal og får to timars køyretur til nærmaste legevakt om det blir sentralisering.

Fleire av legevaktområda Agenda Kaupang har sett på i ROS-analysen er merka av i «raud sone». Det betyr at det er høg risiko knytt til desse områda og at tiltak må setjast i verk.

Legevaktene er verst stilt når det gjeld bemanning og vaktstruktur, ifølge rapporten.

«På en rekke området synes det å være en uakseptabel høy risiko knyttet til driften, og risikoreduserende tiltak må iverksettes.»

– Betydelege utfordringar

Knut Omdahl er kommuneoverlege i Vindafjord og Sauda. Han er einig i at dagens ordning ikkje er god nok.

– Rapporten viser at det er betydelege utfordringar for dagens legevakter. Det lyser mykje raudt for legevaktene både i Suldal, Sauda og Etne/Vindafjord, seier han.

ROS-analysen går langt i å tilrå eit interkommunalt samarbeid om legevaktordninga i dei fire kommunane.

I tillegg er det varsla at ny akuttforskrift, som er venta i løpet av våren, vil innebera krav om heildøgnbemanna legevakt og bakvaktsordningar.

Dette vil vera svært utfordrande krav å innfri for den enkelte av dagens tre legevakter, står det i rapporten.