Hopp til innhold

– Dette var utruleg gøy

Tønes måtte manna seg opp før han gjekk over den raude løparen før årets Spellemann i Stavanger. Kort tid etter fekk han prisen for beste tekstforfattar i 2012.

Slik reagerte Tønes på prisen for beste tekstforfattar.

Tønes blei årets tekstforfattar. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)

– Eg håper jo at eg vinn, sa Sokndal-artisten Frank «Tønes» Tønnesen, då han gjekk over den raude løparen på veg inn til det første Spellemann-showet i Stavanger, nokon sinne.

Kort tid etter fekk han prisen for årets tekstforfattar.

Video: Her får han prisen

Årets tekstforfatter - Tønes

Årets tekstforfatter - Tønes

– Me får sjå korleis det går

Han er nominert i kategoriane beste tekstforfattar og beste vise, med albumet som tok Norge med storm i fjor; «Sån av Salve».

Tønes er ein røynd artist, og tok nyleg imot Prøysenprisen, likevel har han ikkje hatt ein spellemannpris på hylla si før nå.

Var det på tide at du fekk ein spellemannpris?

– Nei, eg tenker ikkje slik, eg tenker berre at dette var utruleg gøy, seier han til NRK.no like etter han mottok prisen.

Han syntes det var ekstra spesielt å få prisen i Stavanger, sidan dette er å rekna som heimebane.

Favoritten til Ottesen

Mange hadde forventar at han skulle få ein pris i år. Og for «Årets Spellemann», Kaizers Orchestra, var han den klare favoritten.

– Eg heiar aller mest på Tønes i dag. Han fortener verkeleg å vinna, og har gjort svært mykje bra også før resten av landet fekk augo opp for han, sa Janove Ottesen til NRK.no på den raude løparen.

Og Tønes sjølv kjende på presset før utdelinga, å gå opp den raude løparen er i alle fall noko han ikkje var heilt komfortabel med.

– Eg måtte stå ei stund for å manna meg opp, men dette er vel berre noko ein må gå gjennom, sa han før han forsvann inn i salen for å motta pris.

Video: Tønes før utdelinga

Tønes måtte manna seg opp før han gjekk over den raude løparen før årets Spellemann i Stavanger. – Det ville vore ekstra spesielt å få ein pris på heimebane, seier den lokale artisten til NRK.no.

Tønes på den raude løparen under årets Spellemann i Stavanger. (Foto: Kirsti Wilhelmsen)