Hopp til innhold

Næringsministeren: – Må skapa nye jobbar på «gullkysten»

Oljenæringa vil aldri sysselsetja så mange som før nedbemanningane starta for to år sidan. Det sa næringsminister Monica Mæland under årskonferansen til interesseorganisasjonen Greater Stavanger i dag.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland var i dag på årskonferansen til Greater Stavanger, som er eit kommunalt samarbeid som jobbar strategisk med næringsutvikling i Stavanger-regionen.

Foto: Andreas Molland / NRK

Det siste halvanna året har ifølgje DNB Markets omkring 25.000 oljejobbar blitt borte i Norge. Ifølgje næringsministeren er dette jobbar fleire av desse jobbane vekke for godt, sjølv om oljeprisane svingar.

Nå må folk på den norske gullkysten, som ho kallar vestlandet, finna nye bein å stå på.

Innovasjon og nytenking

– Olje- og gassindustrien kjem nok ikkje til å ha same storleik som den har hatt. Derfor er det viktig å legga til rette for at teknologien me har på dette området kan bli brukt andre stader, sa Mæland i Stavanger i dag.

Det ho hadde å koma med under Greater Stavanger sin årskonferanse i dag handla først og fremst om omstilling og innovasjon, og ikkje korleis ein kan skapa nye jobbar innan oljenæringa.

Ho meiner likevel at regjeringa legg til rette for petroleumsnæringa.

– Me kan gjera noko med rammevillkåra. Me aukar konkurransekrafta, me styrkar petroleumsretta forskingsprogram. For me skal leva lenge av og med olje i dette landet. Då må me sørgja for at det blir investert, seier ho, men understrekar at det ikkje er staten som skriv ordre i bransjen.