I dag arbeider 35.000 menneske i næringsparken på Forus. I løpet av 15 år er det forventa at dette talet er dobla.
Då seier det seg sjølv at det kjem til å bli store trafikale utfordringar i området, dersom det ikkje blir sett i verk tiltak.
- Les også:
- Les også:
– Kan bygga både på og rundt Forus
For å hindra at alle reiser til og frå Forus kvar dag meiner Solum Larsen at det må bli bygd bustadar i området – nær alle arbeidsplassane.
– Dette er store moglegheiter til å bygga bustadar både på Forus og i nærleiken, seier nestleiaren i Venstre.
Han viser til at ein alt i dag ser tendensar til overbelastning av vegnettet i eit område med minimale kollektivtilbod.
Vil ha betre busstilbod
Også ordførar i Sandes, Stanley Wirak (Ap), erkjenner at veksten på Forus skaper utfordringar.
– Nå gjeld det å arbeida for fullt for å få til eit betre kollektivtilbod til Forus, seier han, og legg til:
– Problemet i vår region er at me diskuterer og diskuterer, utan at noko blir vedteke. Nå må me bli einige om å gjera noko med trafikk-utfordringane, seier han.
Fylket kan bremsa kommuneplanar
Men også fylkeskommunen vil ha eit ord med i laget i Forus-debatten. Dei meiner det nå har blitt så mange negative konsekvensar av Forus-veksten at dei vil legga inn endringar i regionalplanen for området.
– Planen skal ut på høyring til våren, og det kan bety at fylkeskommunen går inn for andre ting enn det kommunane vil, seier plansjef Christine Haver.