9000 kom seg over målstreken

12.500 var påmelde, 9000 av dei fullførte det 91 kilometer lange Nordsjørittet.

Nordsjørittet

I MÅL: 9000 av dei som var påmelde, klarte å gjennomføre det harde rittet.

Foto: Kjetil Alsvik

– Me er svært godt nøgde med det, men det er klart at me skulle gjerne ha sett 10 000, det er det me har som mål, seier dagleg leiar for Nordsjørittet, Siri Ommedal.

3500 av dei som var påmelde, stilte ikkje opp på startstreken, eller trakk seg i løpet av rittet.

– Me veit at det alltid vil vera fråfall. Me har om lag 450 lag som er påmelde, og eg trur at dei gjerne melder på fleire enn dei som stiller, seier Ommedal.

Dei siste tre åra har taket på påmeldingar låge på 12.500, sjølv om fleire har vore interesserte i å delta. No vil arrangørane sjå på korleis dei kan nå 10 000 aktive deltakarar.

– Det er ikkje umogleg at ei løysing blir å auke talet på påmeldingar. Om me ser at fleire kjøpar billett utan å stille opp, så kan det vera at me vågar å auke talet litt, seier Ommedal.

Nordsjørittet

GODE FORHOLD: Syklistane fekk med seg strålande solskinn og medvind, på Jæren i går.

Foto: Kjetil Alsvik

Fleire skadar i år

Ommedal fortel at dei har hausta mykje skryt etter Nordsjørittet i går, og ho er svært godt nøgd. Skåret i gleden var at dei hadde fleire skadar enn normalt.

– Me hadde ein stor dag, og det meste var heilt fantastisk. Men me har hatt eit par uhell som me sjølvsagt skulle ha vore forutan, seier Ommedal.

To vart sende i luftambulanse til sjukehuset med hjarteproblem. Tilstanden til dei to er uviss, men arrangørane har ikkje fått beskjed om at det skal vera alvorleg.

– Det var ein god del med skrubbsår, nokre kragebein som røyk og eit par enda på sjukehus. Det er det som legg ein liten dempar på arrangementet, seier Ommedal.

Dei hadde i forkant frykta fleire skadar, grunna det finne vêret, og slik vart det også.

Planlegg allereie neste års ritt

No ser arrangørane framover mot neste ritt.

– Planlegginga er allereie godt i gong for neste år. Me tenker langt fram, så me har byrja å etablere element som skal vera til neste år. No vil me sanka dei gode erfaringar me har gjort i år, for me leiter alltid etter å bli betre, seier Ommedal.

Datoen for Nordsjørittet i 2015 blir 13. juni.

– Då håpar me at folk flest kryssar ut den dagen i kalenderen, slik at me kan ha dei med oss på den store sykkelfesten. Og då håpar me at me når målet om 10 000 og vel så det, avsluttar Ommedal.

Nordsjørittet

GLADE: Mange var godt nøgde med å ha kome seg over målstreken, etter å ha sykla 91 kilometer.