Hopp til innhold

Sjå video og bilete frå Nordsjørittet

Laurdag blei Nordsjørittet arrangert for 21. gong. Sjå heile ritt-sendinga her.

Det er meldt optimale vêrforhold for de dryge 4000 som skal sykle Nordsjørittet laurdag.

Drygt 4000 har meldt seg på årets Nordsjøritt, som går 91 km frå Egersund til Sandnes.

Og dei angrar seg neppe. Det er nemleg draumeforhold: Rundt 20 grader, sol og medvind.

Det er også mogleg å sykla halve distansen, og så blir det arrangert eigne ritt for barn, ungdom og familiar.

Ørjan Frøiland frå Sandnes sykkelklubb kom først i mål i Nordsjørittet på tida 02.41,46. Dermed sikra han seg sin aller første siger i rittet. I fjor blei han nummer 5.

– Det var heilt konge. Dette har eg venta på, sa han etter målgang.

Iren Kristin Eikemo frå Bogafjell sykkelklubb blei beste kvinne i Nordsjørittet med tida 2.59,47.

– I dag tok eg endeleg sigeren. Det følast heilt fantastisk, sa ho etter målgang.

Gunn-Rita Dahle Flesjå vann kvinneklassen i Nordsjørittet sitt MTB Marathon på 118 km.

Dagleg leiar i Nordsjørittet, Siri Ommedal, seier til NRK i 14-tida laurdag at arrangementet har gått fint, sjølv om det alltid blir nokre skader når så mange syklistar er i aksjon.

– Det har stort sett gått veldig fint. Men det er varmt og mange er tørste og har krampe når dei kjem i mål. Likevel er folk stort sett fornøgde, seier Ommedal.

Nordsjørittet 2018
Foto: Mathias Oppedal / NRK
Tubakken er den hardaste etappen i Nordsjørittet. I år var det perfekte forhold og mange i publikum til å heia ryttarane opp.