Hopp til innhold

Godt vêr, kan gi fleire skadar

Det er gode vêrmeldingar for Nordsjørittet i dag. Men det kan gi fleire skrubbsår og brukne bein.

nordsjørittet

SOL: Det er meldt lettskya pent ver opp Tubakkan under Nordsjørittet i dag.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– For vår del så er litt småregn og motvind gunstig for å unngå skadar, fortel beredskapssjef for Nordsjørittet, Rolf Bergseth.

Fint ver kan nemleg gjera folk meir vågale, meiner han.

– Det er vel mentalt. Folk er meir forsiktige når det er blaut og glatt. Folk syklar litt seinare, og det er farten som er avgjerande når det kjem til alvorlege skadar, seier han.

Beredskapssjef Rolf Bergseth

VER FORSIKTIG: Beredskapssjef, Rolf Bergseth, håpar folk tek det med ro i finvêret.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Gode vêrmeldingar

Men beredskapssjefen må nok speide langt etter regndropane i dag, i alle fall viss me skal stole på meteorologen.

– Det ser ut til å bli ein flott dag. Lettskya, pent ver, seier statsmeteorolog, Frode Hassel.

– Men vinden då?

– Det blir stille frå morgonen av. Men det kan blåse opp til nordvestleg frisk bris på kysten seint på ettermiddagen og kvelden, seier Hassel.

Men då vil dei fleste syklistane allereie vera i mål.

Her kan du følgja Nordsjørittet 2014 direkte frå 10.30 til 18.30 laurdag 14. juni.

Skulle vinden halde seg i ro, vil det vera svært uvanleg i Nordsjørittsamanheng. Av dei seksten nordsjøritta som har blitt arrangert har tolv av dei blitt sykla i motvind.

Beredskapssjefen er ikkje berre negativ til dei gode vêrmeldingane.

– Me gler oss jo kjempe over godt vêr. Men må håpar at folk er forsiktige, seier Bergseth.

Mest skrubbsår

I alt er det venta at om lag 12.500 syklistar skal prøve seg på det hardhausa rittet frå Egersund til Sandnes i dag. Ein distanse på heile 91 kilometer.

Rittet går i ulent terreng, delar av det på smale grusvegar. Likevel er det få skadar.

– I fjor var det fem som enda på sjukehus. Av dei titusen som kjem i mål, ligg me vanlegvis på rundt 70–80 som blir skada, men dei fleste får berre skrubbsår. Det er berre nokre få som må inn til røntgen, seier Bergseth.

Unngå handbremsa på grus

Han har fleire råd til dei som skal ut på sykkel i dag, og som vil unngå skadar.

– Folk må ha full konsentrasjon om syklinga. Ver forsiktig i dei første partia ut ifrå Egersund. Der kan det vera laus grus. Ver forsiktig med å bruke handbremsa i nedoverbakkane, for der kan det ligge grus og ein kan miste kontrollen. Unngå store bråe rørsler i nærleiken av andre syklistar, og følg straumen, avsluttar han.