Hopp til innhold

– Det beste Nordsjørittet nokonsinne

Nordsjørittet 2014 blei sykla i strålande solskinn og lite motvind. Arrangørane kallar det det beste nokosinne.

Fredrik Galta vann herreklassen

HEIMESIGER: Fredrik Galta frå Stavanger vann elite herreklasen under Nordsjørittet i dag.

– Denne dagen har gått heilt fantastisk, heilt sånn som me ville at det skulle gå, seier Siri Ommedal, dagleg leiar for Nordsjørittet.

– Heile dagen har vore ein einaste opptur. Me har hatt berre nøgde ryttarar. Eg har ikkje høyrt ein einaste som har klaga. Nei, det har vore ei oppleving, beste rittet nokosinne, seier Odd B. Skjærset, rittleiar.

12.500 hadde meldt seg på til Nordsjørittet i år, og deltakarane fekk ein 91 kilometer lang sykkeltur i strålande solskinn og medvind. Det er ikkje vanleg i Nordsjørittsamanheng.

Fleire skadar i år

Men det har likevel vore nokre alvorlege hendingar.

– Me har hatt ein stor dag, og det meste var heilt fantastisk. Men me har hatt eit par uhell som me sjølvsagt skulle ha vore forutan, seier Ommedal.

To vart sende i luftambulanse til sjukehuset med hjarteproblem. Tilstanden til dei to er uviss, men arrangørane har ikkje fått beskjed om at det skal vera alvorleg.

Det var ein god del med skrubbsår, nokre kragebein som røyk og eit par enda på sjukehus. Det er det som legg ein liten dempar på arrangementet, seier Ommedal.

Dei hadde i forkant frykta fleire skadar, grunna det finne vêret.

– Det har slått til. Me har hatt litt fleire skadar i år, seier Skjærset.

Og så har det vore ein del kramper.

– Det har vore varmt, og folk har nok ikkje drukke nok, seier han.

Heimesiger

Sjølv om det var lite motvind i år, vart det ingen nye rekordar. Men i elite herreklassen vart det nesten heimesiger, då Fredrik Galta frå Stavanger stakk av med sigeren.

– Dette betyr veldig mykje. Det er stort. Dette er jo så på heimebane som eg kan koma, sa ein nøgd Galta, etter at han kom i mål på 2.41.07.

Men sigeren var ikkje enkel.

– Eg synst det var ganske hardt å køyre i dag, seier Galta.

Likevel hadde han meir krefter då han kom til den harde og velkjende Tubakken, der drog han ifrå dei andre.

Sjølv om han gjekk av med sigeren i dag, blir det ingen feiring i kveld. I morgon ventar nemleg eit nytt løp, då på heile 17 mil.

Dansk siger på kvinnesida

Julie Leth frå Danmark vann kvinneklassen i Nordsjørittet i år, slik ho også gjorde det i fjor.

Julie Leth vinner kvinneklassen i Nordsjørittet 2014

Julie Leth vinnar kvinneklassen i Nordsjørittet 2014

Foto: Kjetil Alsvik / Nordsjørittet

Leth representerer laget "Team High Tech Products" og fullførte på tida 2. 58.47. Emilie Moberg frå same laget blei nummer to på tida 2. 58.52. På tredjeplass kom Siri Solsvik Kvikstad, frå Sandnes Sykleklubb, 2. 58. 57.

Sliten vinnar

– Eg følte meg trøytt så godt som heile tida, men det gjekk bra. Det seier ein glad vinnar i kvinneklassen.

– Emilie jobba veldig godt saman med meg i dag og eg var i stand til å rykke frå på toppen av bakken rett før mål, seier Leth.

Premieutdeling kvinneklasse elite, Nordsjørittet 2014

Premieutdeling kvinneklasse elite, Nordsjørittet 2014

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Ho er sjølvsagt glad for å vinne, men understrekar at lagvenninna Emilie Moberg, gjorde ein så god jobb undervegs at det hadde vore like triveleg om ho hadde vunne.

– Løpet er eit flott ritt, men det er frykteleg hardt. Trass i at det ikkje var motvind i dag, så var eg klart trøyttare enn då eg vann i fjor, avsluttar Julie Leth.

Nordsjørittstart i Egersund

Trengsel i startområdet i Egersund, laurdag morgon

Foto: Thomas Halleland / NRK