NRK Meny
Normal

50 prosent fleire arbeidsledige

Arbeidsløysa har gått ned i Rogaland den siste månaden. Men på eitt år har arbeidsløysa auka med 49 prosent, viser nye tal frå Nav.

Industri

Industrien er blant sektorane med flest arbeidslause i Rogaland.

Foto: NRK

– Det er gledeleg å sjå at talet arbeidslause har gått ned den siste månaden, men samanlikna med mai i fjor har arbeidsløysa auka med 49 prosent i Rogaland, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland, i ei pressemelding.

– Signal me får gjer at me framleis trur på auke i arbeidsløysa. Mange er utan arbeid i fylket vårt, og vår jobb er å møte dei på ein måte som gjer at dei kjem tilbake i arbeid, held Nordahl fram.

Aukar i alle yrkesgrupper

Ved utgangen av mai står 7635 personar i Rogaland heilt utan arbeid. Det er 375 færre enn førre månad. Arbeidsløysa i Rogaland er no 3,0 prosent, mot 2,7 prosent på landsbasis.

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ei kartlegging NAV Rogaland har gjort tydar ikkje på omfattande bruk av sluttpakkar i næringslivet i Rogaland.

Samanlikna med mai i fjor aukar arbeidsløysa i alle yrkesgrupper, med unntak av jordbruk, skogbruk og fiske. Det er flest arbeidslause innan bygg- og anlegg, industriarbeid og innan ingeniør- og ikt-fag.

Nedgangen i arbeidsløysa den siste månaden viser igjen i fleire yrkesgrupper, men størst reduksjon har bygg- og anlegg og industriarbeid. Arbeidsløysa blant ingeniørar held seg stabil.

– Ein annan årsak til at nedgangen me ser den siste månaden, er at fleire får tiltak i regi av NAV. Den siste månaden er om lag 100 fleire arbeidslause personar i ulike tiltak i fylket. Ser me på tiltak for arbeidssøkjarar får 907 personar tiltak frå NAV i Rogaland i mai, seier Nordahl.

Eigne jobbklubbar

Eit av tiltaka NAV Rogaland jobbar for at fleire kan delta på er jobbklubbar, der kartlegging av eigen kompetanse, cv, søknad og intervju er sentrale tema.

For å dekkje ulike behov er det eigne jobbklubbar for unge under 25 år, for arbeidssøkjarar med høg utdanning, for arbeidssøkjarar generelt og for arbeidssøkjarar frå EØS-land, der delar av møta går føre seg på engelsk.

Det er framleis mange utlyste stillingar i fylket, men det er eit misforhold mellom bakgrunn arbeidssøkjarar har og kompetansen arbeidsmarknaden etterspør. Mange må nok sjå etter arbeid i andre bransjar enn dei er vant til.

– Me legg no til rette for at personar med teknisk bakgrunn frå olje- og gassektoren kan bli kvalifisert til jobbar i bygg og anleggsbransjen. Gjennom kurs kan fleire kvalifisere seg for gravearbeid og anna anleggsarbeid, for å møte behovet for arbeidskraft i forbindelse med større vegprosjekt som er planlagt og sett i gang, seier Nordahl.