Hopp til innhold

4–5 kilometer kø for å gå på ski

Køen for dei som ville på ski til Brekko i Gjesdal, var søndag klokka 13, på 4 til 5 kilometer. Det stod bilar parkerte langs vegen på store delar av strekninga heilt ned til Vølstad.

Bilar i kø opp til Brekko

Køen på veg opp til Brekko skisenter i Gjesdal, søndag klokka 12.30.

Foto: Otto Voldsund / NRK

– Har du gått på føtene frå Ålgård (32 km), spurde eg ei eg kjende som kom berande på skia langs vegen? Ja, det er i alle fall ikkje langt ifrå, var svaret.

Henry Tendenes er pensjonert politi, fungerande politikar og styreleiar i Jæren Friluftsråd. Han fortel historier og kosar seg voldsomt i ein situasjon der dei fleste andre hadde kjent at kaldsveitten pipla fram i nakken.

Henry Tendenes

Henry Tendenes er styreleiar i Jæren Friluftsråd.

Foto: Øystein Ellingsen

For kilometerlange køar til Brekko, når det er snø og godt vêr, det er han kjent med.

– Me har våre folk til å passa på parkeringa her opp i Brekko, og så har me folk i andre enden av køen som kan dirigera og informera, seier Tendenes.

Skiplass for familiar

Brekko er den næraste skistaden for meir enn 300 000 innbyggjarar på Jæren og Nord-Jæren. Det er vanlegvis ikkje så mange dagar kvar vinter at det er snø her, men til gjengjeld er det mange som tar turen når snøføre er kombinert med sol og helg.

Skiløper går under en gren som er bøyd ned av snø

Også før jul i desember 2017, var det nokre dagar med flotte skitilhøve i Brekko.

Foto: Ingvald Nordmark

– Dei første skigåarane var her før klokka 08, søndag morgon og dei fleste av dei har alt dradd heim att, seier Tendenes.

Derfor kan dei frå klokka 13 og utover sleppa inn stadig nye grupper med bilar inn til parkeringsplassane i Brekko.

– Det største kaoset er nok over nå, seier Tendenes i 13.30-tida, søndag.

Fullt i går også

Dagen før, på laurdag, var det også tett med bilar, og parkeringsplassane var fylt opp i 11-tida. Men då opna det seg igjen for vanleg trafikk i 16-tida på ettermiddagen.

– Truleg skjer det same i dag også, spår Tendenes.