Hopp til innhold

Her slutta 19 sjuke­pleiarar: – Det er ei psykisk påkjenning å vera på jobb

Helsearbeidarar føler at dei ikkje strekk til. Eldre får dårlegare tilbod. Dette meiner hovudtillitsvald Mona Nodland er situasjonen på Hå sjukeheim.

Hå sjukeheim på Nærbø

UROLEG SITUASJON: Om lag ein tredel av sjukepleiarane ved Hå sjukeheim slutta i jobben i fjor. Ifølgje tillitsvald hadde fleire slutta viss det hadde vore lett å få ein ny jobb.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I ei tid der helsearbeidarar blir hylla for innsatsen sin, opplever Hå sjukeheim på Nærbø ei krise i bemanninga.

Situasjonen uroar dei tillitsvalde.

– Det er eldre som blir urolege og redde fordi vi ikkje har tid til å gi dei den vesle tryggleiken og omsorga som dei treng, seier Mona Nodland, som jobbar som hjelpepleiar på Hå sjukeheim.

Mona Nodland

Mona Nodland jobbar 25 prosent som hjelpepleiar på Hå sjukeheim og er 75 prosent engasjert som hovudtillitsvald.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bemanningsnorma er at dei har ein tilsett på fire pasientar. Det meiner ho er alt for lite.

– Det er ei psykisk påkjenning å vera på jobb. Du går med konstant dårleg samvit, seier Nodland, som også er hovudtillitsvald for om lag 40 andre tilsette ved sjukeheimen gjennom arbeidstakarorganisasjonen Delta.

Kommunalsjef Vigdis Monsen Austdal i Hå kommune seier dei tar signala frå sjukeheimen på alvor. Kommunen vil ikkje setje i gang strakstiltak, men høyre meir om det Nodland fortel.

– Viss det ho seier er rett, er det urovekkjande. Å ha eit godt arbeidsmiljø er eit kontinuerleg arbeid, og nå er det naturleg at vi går igjennom dagens rutinar, seier Austdal.

Ifølgje kommunalsjefen viser den siste arbeidsmiljøundersøkinga frå før årsskiftet gode resultat.

Om lag ein tredel har slutta

Det er Jærbladet som den siste tida har sett søkelys på situasjonen på sjukeheimen. Berre i fjor slutta heile 19 sjukepleiarar.

Det er om lag ein tredel av alle sjukepleiarane som er tilsette der.

– Enkelte av dei som slutta gjorde det av naturlege årsaker. Men mange opplever at det er travelt. Det er unge nyutdanna som opplever dei ikkje får tid til å gjera jobben dei skulle gjort, og orkar ikkje å stå i jobben over tid, seier Anne Kjersti Haveland som er hovudtillitsvald for sjukepleiarane gjennom Norsk sjukepleiarforbund.

Mona Nodland seier at fleire av hjelpepleiarane og helsefagarbeidarane også hadde slutta, dersom det hadde vore like lett for dei å få ny jobb.

– Enkelte er rett og slett misunnelege på sjukepleiarane som berre kan slutta for så å få seg ny jobb, seier ho.

– Må eta frukost i 11-tida

Nodland meiner at konsekvensane for dei eldre mellom anna er kortare kvilar, at dei ikkje når frukost før morgonstell og til dømes må eta frukost på senga i 11-tida, i tillegg til at dei blir urolege. For helsearbeidarane blir det i tillegg til det psykiske også ei fysisk belastning.

– På grunn av tidspress gjer vi ofte løft med kroppen, fordi vi ikkje tar oss tid til å henta heisen, som skal hjelpa oss med tunge løft.

Kommunalsjefen vil også her hente inn meir informasjon om forholda.

– Eg har blitt informert om at fleire et frukost i senga, men at dette berre er dei som vil det sjølv. Vi vil hente inn meir informasjon for å kartleggje praksisen, seier Austdal.

Tar saka på alvor

Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) i Hå seier kommunen får mange gode tilbakemeldingar på det arbeidet dei tilsette på sjukeheimen gjer.

– Det skal dei ha takk for. Så må kommunen som arbeidsgjevar ta det som tilsette melder om arbeidsforholda på alvor. Her er det eit arbeid å gjera med informasjon og kommunikasjon, seier han.

Jonas Skrettingland

Hå-ordførar Jonas Skrettingland (KrF).

Foto: Anders Fehn / NRK

Skrettingland meiner det er mykje som kan påverka arbeidssituasjonen for dei tilsette.

– Det gjeld både bemanningsnivå, organisering, leiing og kultur. Det kan sjå ut som vi har eit arbeid å gjera for «å løfta i lag», slik visjonen for Hå kommune seier.