Hopp til innhold

Område på Borestranda sperra på grunn av avløpsvatn-lekkasje

Det er oppdaga lekkasje frå utsleppsleidningen som leier reinsa avløpsvatn ut frå reinseanlegget på Bore i Klepp.

– Et område på Borestranda er sperra av. Statsforvaltaren i Rogaland og Klepp kommune er informert om lekkasjen, seier Eline Nilsen Furre, fagansvarleg avløp i Ivar IKS.

Brotet på leidningen har skjedd i strandkanten. Ivar ser nå på korleis dei kan tette lekkasjen. I fjor blei bading avrådd på stranda på grunn av hol i ein kloakkleidning.