Hopp til innhold

Kloakken renn ut ved populær badestrand – kommunen avrår bading

Kommunen har avrådd bading ved ein av Rogalands mest populære badestrender. Eit hol i ein kloakkleidning er årsaka.

Borestranden

Borestranda er ein av Rogalands mest populære badestrender. Det er også eit stort surfemiljø ved stranda.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Planen i dag er berre å kose seg. Spele litt fotball og bade, seier Fredrik Prestegård.

Stemninga er god hos dei som kjem til Borestranden i Klepp kommune i Rogaland torsdag. Gradestokken viser rundt 20 grader, og sjølv om vatnet er litt kaldt, freistar det mange å bade.

Problemet er at det blir avrådd.

Her fosser kloakken ut ved populær badestrand i Rogaland.

Dette holet er årsaka til at Klepp kommune no har avrådd bading ved Borestranda.

Foto: Ivar IKS

For onsdag vart det oppdaga ein mogleg lekkasje på utsleppsleidningen på Borestranda. Den fører reinsa kloakkvatn ut frå Ivar IKS sitt reinseanlegg på Bore.

Klepp kommune gjekk derfor ut og avrådde bading på Borestranda.

– I samråd med kommunelegen ønskte vi å vere føre var og avrådde bading. Likevel viser ingen analysar at badevatnet er forureina, seier teknisk sjef i Klepp kommune, Kjersti Ohr.

Badegjest Prestegård bryr seg ikkje nemneverdig om dette.

Kloakkutslipp Borestranden

Fredrik Prestegård skulle først bade, men så fekk han tenkt seg om.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Då tenkjer eg dei kan drite og dra. Vi går og badar, seier han.

Så får han tenkt seg om.

– Nei, eg har ombestemt meg. Det blir ikkje bading. Det er ekkelt, seier han.

Surfestrand

Borestranda er ei av dei flottaste og mest populære strendene i Rogaland. EM i surfing, der Kronprins Haakon er engasjert, har fleire gonger blitt arrangert på akkurat denne stranda.

Kronprinsen besøkte surfe-EM

Kronprins Haakon besøkte mellom anna Borestranda under EM i surfing i 2017. Her saman med kronprinsesse Mette Marit og barna Ingrid Alexandra og Sverre Magnus.

Foto: Gunnar Ringen Johansen / NRK

Nyleg vart også stranda tildelt miljømerket Blått Flagg. Dette inneber strenge krav til mellom anna miljø, vasskvalitet og tryggleik.

Flagget blei heist 5. juni. Om vasskvaliteten no blir målt til dårleg som følgje av utsleppet, kan Klepp kommune bli nøydd til å fire flagget og utbetre utsleppet.

Ivar IKS hadde onsdag kveld dykkarar nede og fann ut kvar skaden var.

Blått flagg Borestranda.

Det var lite folk på Borestranda torsdag.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det er rett og slett eit hol i sjølve røyret, cirka 150 meter frå land, seier driftssjef i Ivar IKS, Sigve Nicolaisen.

Inga krise

Men det blir ikkje lett. Borestranda ligg i ei verna sone. Det er derfor ikkje berre å køyre på med utstyr og maskiner sånn utan vidare, ifølgje Nicolaisen.

Fraråder bading på Borestranden

Klepp kommune avrår no bading ved ein av Rogalands mest populære strender.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Vi har redusert utsleppet til eit minimum via reinseanlegget no. Vi er heldige med at det er veldig tørt og lite som renn gjennom anlegget no. Hadde det vore bløytt og mykje regn hadde det vore store mengder, seier han.

Snakkar vi krise her?

– Nei. Det er inga krise i det heile. Reinsa avløpsvatn går ut 1000 meter ute i havet. Etter holet kjem det same avløpsvatnet ut mykje nærare stranda, seier han.

Krise for badegjester

Den einaste krisa ifølgje Nicolaisen er at det er veldig dumt for dei som ønskjer å bade.

– Det er fantastisk vêr og mange badegjester. Du kan bli sjuk av det om du svelgjer vatnet, men det er ikkje farleg å få på huda. Det er normalt reinsa avløp, seier Nicolaisen i Ivar.

Denne badegjesten trakk seg tilbake og pakket ned teltet da han fikk høre om at Klepp kommune frarådet bading.

Sigbjørn Vaa trekte seg vidare til nabostranda når han fekk vite at det var eit kloakkutslepp på Borestranden.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Nicolaisen opplyser overfor NRK at dei først neste veke vil ha fått på plass ei mellombels løysing for å fikse lekkasjen. Klepp kommune vil derfor avrå bading fram til dette.

– Dette er herleg. Det er den finaste stranda i heile verda, seier Sigbjørn Vaa.

Han er fast badegjest på Borestranda, men då han får vite frå NRK om at det blir avrådd bading, pakkar han omgåande saman og dreg vidare til Orrestranden.

Har fått svar på vasskvaliteten

Teknisk sjef i Klepp kommune, Kjersti Ohr, seier til NRK at dei har tatt målingar av vasskvaliteten. Desse viser førebels at det ikkje er noka forureining ved stranda.

Portrett av Kjersti Ohr, leiar av VAR-sektoren i Sandnes kommune

Kjersti Ohr er teknisk sjef i Klepp kommune.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dei vil likevel halde fram med å ta prøver av vasskvaliteten fram til Ivar IKS har fått stansa lekkasjen.

Marit Kjellesvik, dagleg leiar i FEE Norway, som sertifiserer norske strender med Blått Flagg, seier det ikkje er slik at Borestranda no mistar Blått Flagg.

Kommunen har gjort alt rett. Dei har informert om hendinga og avrådde bading. Uhell kan skje overalt, og no er vi spente på kva dei nye prøvene viser. Då vil vi vite meir, seier ho.