Hopp til innhold

Equinor er nå ute av Russland

Equinor sin prosess med å trekka seg ut frå Russland er nå fullført, melder oljeselskapet på heimesidene sine. Alle nye investeringar i landet og handelen med olje- og gassprodukt frå Russland er nå stoppa.

– Equinor har nå overført sine deltakarandelar i fire russiske fellesføretak til Rosneft og er løyst frå alle framtidige forpliktingar. Ein avtale om å forlata Kharyaga-prosjektet er også signert, står det i pressemeldinga.

Rosneft er eit russisk oljeselskap der den russiske staten eig brorparten av selskapet.

Selskapet bestemde seg for å trekka seg ut frå Russland 28. februar i år, noko som førte til nedskrivingar av Equinor sine eigedelar i Russland i første kvartal.