Hopp til innhold

NTNU-studentar meiner petroleum er eit svært framtidsretta studie

Høge prisar på olje og gass gjer at Equinor nok ein gong leverer sitt beste resultat nokosinne. Unge studentar meiner at petroleumsutdanning er framtida.

NTNU-Studentene Ludvig Urbye Myhre og Ørjan Dale Strand på sitt første plattformbesøk i dag på Edvard Grieg-plattformen.

NTNU-studentane Ludvig Urbye Myhre og Ørjan Dale Strand var i dag på sitt første plattform-besøk på Edvard Grieg-feltet i Nordsjøen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK Rogaland

– Nå står eg kanskje å ser på kor eg skal jobbe i framtida, seier NTNU-student Ørjan Dale Strand.

Han står ute på Edvard Grieg-plattforma til Lundin, omtrent 180 kilometer vest for Stavanger.

Saman med Ludvig Urbye Myhre studerer han produktutvikling og produksjon ved NTNU i Trondheim.

– Det kjem til å ta mange år før oljeindustrien i Noreg er ferdig, meiner Myhre.

Student: – Søk petroleum

Strand, som studerer robotikk, innrømmer at han var litt skeptisk til framtidsutsiktene til oljebransjen før han skulle begynne på studia ved NTNU.

Han vurderte eigentleg å studere til å bli petroleumsingeniør, men bytta studie i siste liten.

Det hadde han ikkje trengt å gjere, meiner han i dag.

– I ettertid har eg høyrt at petroleum er det beste studiet å starte på. Det er garantert jobb og masse moglegheiter. Hele oljesektoren skal bytast ut de neste årene. Det er eit godt tips å søke petroleum for dei som skal starte å studera nå, meiner han.

Equinor sitt resultat for første kvartal 2022, vitnar kanskje om det.

For tredje kvartal på rad legg Equinor fram rekordhøge tal. Justert driftsresultat før skatt enda på 18 milliardar dollar, tilsvarande 169 milliardar kroner.

Delt glede

– Det er to hovudgrunnar til resultatet. Det er dei høge prisane på olje, gass og elektrisitet. Samstundes som me har hatt veldig god drift, seier konsernsjef Anders Opedal til NRK onsdag morgon.

I hovudsak er det Russland sin invasjon av Ukraina som har pressa dei allereie høge prisane opp.

Mellom 31. desember og 31. mars i år auka oljeprisen med om lag 35 prosent, frå rundt 79 dollar fatet til rundt 107 dollar.

I perspektiv var rekorden frå tredje kvartal 2021 på 92 milliardar kroner, og 141 milliardar kroner i fjerde kvartal 2021.

– Gjer dette at gleda over resultatet er delt?

– Ja. Prisane var høge også før krigen, men det er klart at dei brutale handlingane i Ukraina går inn på oss alle, og me skulle gjerne vore utan dette i desse dagar, seier Opedal.

Anders Opedal er konsernsjef i Equinor.

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Kommentator: – Ikkje bra i det lange løp

Kommentator i Stavanger Aftenblad, Hilde Øvrebekk, meiner resultatet til Equinor ikkje nødvendigvis berre er positivt.

– I det lange løp er det ikkje bra at olje- og gassprisane er høge. Verken for verdsøkonomien, for oss forbrukarar eller for Equinor og andre oljeselskap, seier ho.

Øvrebekk påpeiker at det heller ikkje nødvendigvis treng å vere positivt at Oljefondet stigar. Ho meiner det kjem an på kva Equinor planlegg å investere overskotet i.

– Ein må huske på at Oljefondet stort sett er investert i aksjar. Om alt går ad undas i verdsøkonomien, og Oljefondets verdi fell med aksjeverdiane, vil dette overskotet kunne forsvinne, seier ho.

Hilde Øvrebekk

Kommentator i Stavanger Aftenblad, Hilde Øvrebekk.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Våre tankar går til alle som lid

Opedal meiner jobben Equinor gjer i situasjonen er viktig.

– Invasjonen av Ukraina står som eit mørkt augeblikk for Europa, og våre tankar går til alle som lid under konsekvensane av den brutale krigen Med ei energikrise i Europa er Equinors viktigaste prioritering å sikra pålitelege og trygge leveransar, skriv Opedal i børsmeldinga.

Selskapet trekte bestemde å trekka seg ut frå Russland 28. februar i år, noko som ifølgje børsmeldinga fører til nedskrivingar av Equinor sine eigedelar i Russland dette kvartalet.

– Me såg på situasjonen som uhaldbar, og bestemde oss raskt for å stoppa nye investeringar i landet, og starte prosessen med å trekka oss ut av Equinors russiske joint ventures.

Høyr intervjuet med Opedal her:

Meir gass

I ei oppsummering forklarer Equinor resultatet med følgjande faktorar:

  • Invasjonen av Ukraina som påverka ein allereie strammare energimarknad, og gav auka råvareprisar og volatilitet.
  • God drift og auke i produksjonen av gass til Europa.
  • Særs sterke justerte resultat og fri kontantstraum på 12,7 milliardar USD.
  • Annonseringa av ein prosess for å gå ut av Russland, som førte til ei nedskriving på 1,08 milliardar USD.
  • Framleis framdrift for alle strategiske prioriteringar, med vedvarande kostnadsfokus og kapitaldisiplin.
  • Kontantutbytte på 0,20 USD per aksje, framleis ekstraordinært kontantutbytte på 0,20 USD per aksje og andre transje i tilbakekjøpsprogrammet på om lag 1,33 milliardar USD.

Samtidig melder selskapet at dei er i rute i den grøne omstillinga. Equinor har som mål å halvere nettoutsleppa innan 2030, og minst 50 prosent av dei årlege bruttoinvesteringane skal gå til fornybar energi og lågkarbonløysingar.