Hopp til innhold

BA: Klubbane er einige om Berisha

Viking og Brann er einige om overgangssum for Veton Berisha. Dermed er fotballspelaren truleg straks klar for Viking, skriv Bergensavisen. Det er Berisha sjølv som vil heim til gamleklubben, og klubbane har forhandla lenge, skriv avisa.