Hopp til innhold

HAR SIKRA SPOR ETTER NYTT INNBROT:

I går kveld kom det melding om nok eit innbrot i Rogaland politidistrikt, denne gongen i Malthaugstien i Hafrsfjord. Ein huseigar kom heim frå helgetur, og oppdaga at tjuvar hadde brote opp dører og vindauge. Det var stole sølvtøy. – Innbrotet har lik modus som alle dei andre innbrota den siste tida. Me har sikra oss spor og etterforskar saka vidare, seier operasjonsleiar Frank Roland.