Hopp til innhold
Innbrudd
Foto: GERARD BEZARD / PHOTOPQR/REPUBLIQUE DU CENTRE

INNBROTSBØLGJA I ROGALAND 2014

Oppsummert

Sidan slutten av oktober er det registrert meir enn 60 innbrot i Rogaland politidistrikt. Innbrota har lik karakter, og dei fleste har skjedd på Jæren. Politiet ser innbrota i samanheng og har oppretta ei eiga gruppe som jobbar med å klara opp i ugjerningane.

  • VARETEKTSFENGSLA ETTER INNBROT:

    Fire austeuropearar blir varetektsfengsla i fire veker etter eit innbrot på Varhaug denne veka. Mennene blir òg sjekka opp mot dei mange innbrota i bustader den siste tida, men førebels har ikkje politiet haldepunkt for dette. Dei fire mennene ankar fengslingsavgjersla.

  • HAR SIKRA SPOR ETTER NYTT INNBROT:

    I går kveld kom det melding om nok eit innbrot i Rogaland politidistrikt, denne gongen i Malthaugstien i Hafrsfjord. Ein huseigar kom heim frå helgetur, og oppdaga at tjuvar hadde brote opp dører og vindauge. Det var stole sølvtøy. – Innbrotet har lik modus som alle dei andre innbrota den siste tida. Me har sikra oss spor og etterforskar saka vidare, seier operasjonsleiar Frank Roland.

  • HAR SIKRA SPOR ETTER INNBROT:

    Det har vore eit innbrot på Vigrestad. Tjuvane har brote seg inn gjennom eit vindauge. Innbrotet skal ha skjedd ein gong mellom kl. 14:30 og 19:30 i dag. Ein Ipad er stolen. Politiet har sikra DNA og fotavtrykk.

Rekordsal av bustadalarmar
Det har vore fleire innbrot på Jæren i helga. Her frå Vigrestad.
Haugalandet er plaget av en innbruddsbølge. Disse personene ble sett da de gikk rundt og kjente på dører og kikket inn vinduer.

– Han stal barna sine julegåver og tømde sparegrisane deira

Mannen har stukke av frå politiet tre gonger, og er tiltalt for fleire innbrot enn aktor nokon gong har sett maken til. Mandag starter rettsaken i Drammen tingrett.

Brøt seg inn og tente på

Brann i Bethel kan være påsatt

Politiet utelukker ikke at det er en sammenheng mellom en brann i et menighetshus og innbrudd i flere biler i Stavanger. De har siktet en mann for innbruddene.