NRK Meny
Normal

Fekk 10,5 år for drapet på Egil Tostrup Bråten

Den tiltalte 33-åringen er dømd til 10 og eit halvt år fengsel av Oslo tingrett, for drapet i 2002. – Vi er overraska og vil anke, seier hans forsvarar, Vidar Lind Iversen.

Tostrup Bråten, åsted

ÅSTAD: 23 år gamle Egil Tostrup Bråten blei oppdaga på bakken utanfor inngangen til sin eigen heim, i Nordahl Bruns gate i Oslo. I retten la politiet fram bilete av åstaden, med markeringer der dei fann gjenstander dei meinte kunne ha tilknytning til saka.

Foto: POLITIET/RUNA VICTORIA ENGEN / NRK

Aktor Ingrid Vormeland Salte la ned påstand om 11 og eit halvt år fengsel for 33-åringen, for drap med hensikt å skjule eit grovt ran. Ho meinte den medtiltalte 30-åringen burde få fire år fengsel for grovt ransforsøk.

Begge fekk altså eitt år mindre i fengselsstraff.

– Eg registrerer at begge blir domfelt i samsvar med tiltalen. Retten har lagt seg på eit lavare straffenivå. Dommen vil no bli sendt til riksadvokaten, som tar stilling til om vi skal anke, seier statsadvokat Ingrid Vormeland Salte.

33-åringen har tilstått at han påførte knivstikket som drepte Bråten, ifølge obduksjonsrapporten.

Forsvarar: – Vi vil anke

Dei to tiltalte har forklara seg ulikt på enkelte punkt. Den drapstiltalte har nekta for at dei to ville rane Bråten, noko 30-åringen har forklara. Ifølge hans forklaring skulle han forsvare kameraten sin, som hamna i ein slosskamp med Bråten.

I dommen har retten i stor grad lent seg på 30-åringens forklaring.

– Eg er overraska og skuffa over at retten har lagt den medtiltalte si forklaring til grunn. Eg meiner det er fysiske bevis i saka som støtter opp om min klient si forklaring, seier Vidar Lind Iversen, den drapstiltaltes forsvarar.

Han har hevda i retten at tekniske funn ikkje stemmer med den medtiltalte sin versjon.

– Eg syns heller ikkje dei har lagt tilstrekkeleg vekt på at det var min klient som opna heile saka. Det burde også tyde på at han snakkar sant, seier Iversen.

– Min klient er overraska over at han ikkje blir trudd. Vi kjem til å anke denne dommen.

Rettsak i forbindelse med drapet på Egil Tostrup Bråten

I RETTEN: Aktor Ingrid Vormeland Salte meiner drapet blei begått for å skjule anna kriminalitet, som i utgangspunktet er straffeskjerpande. Vegard Aaløkken er forsvarar for 30-åringen og Vidar Lind Iversen er forsvarar for 33-åringen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

30-åring ankar truleg ikkje

Den medtiltalte sin forsvarar, Vegard Aaløkken, seier hans klient har fått ein dom han kan leve med.

– Hans tilbakemelding er at han er nøgd med å bli trudd. Han har fått eit resultat han kan leve med og det går nok mot at han aksepterer dommen, seier Aaløkken.

Den medtiltalte har erkjent at han stakk Bråten i halsen og hovudet med eit skrujern, som han bar for å stele bilar. Desse skadene skal, i følge obduksjonsrapporten, ikkje ha hatt noko å seie for dødsfallet.

Han var 16 år på drapstidspunktet. I dag er han student og ønsker å fortsette med det under soning.

– Han vil vel berre gjere seg ferdig med dommen no, og kome seg vidare i livet, seier Aaløkken.

Knivslire

KNIVSLIRE: Politiet fann ei knivslire lenger nede i gata der Egil Tostrup Bråten blei funnen. Ein politipatrulje oppdaga han ved ein tilfeldighet, på bakken mellom nokre parkerte bilar.

– Godt for familien å få svar

Bråten sin familie har sagt at det viktigaste er ein sakleg og forsvarleg rettssak. Bistandsadvokat Anne-Kristine Bohinen seier dei har fått ønsket sitt.

– Dei trudde aldri saka ville bli oppklara, og hadde først forsona seg med det. Det er sjølvsagt godt for dei å få eit svar, men dei vil aldri kunne legge bak seg det som skjedde med Egil, seier Bohinen.

33-åringen er dømd til å betale 240.000 kroner kvar til foreldra i oppreisningserstatning. Advokaten fryktar likevel at foreldra ikkje vil kunne få forskuttert heile summen.

– Eg vil på vegne av foreldra søke om å få forskuttert dette frå Kontoret for voldsoffererstatning. I utgangspunktet har staten som praksis å berre utbetale halvparten, fordi eitt drap blir rekna som eit skadetilfelle, seier Bohinen.

I 2005 fekk foreldra utbetalt 60.000 kroner kvar frå Kontoret for voldsoffererstatning.