Hopp til innhold

Einsame studentar: Slik vil høgskulen snu trenden

Studentars psykiske helse har dei siste åra gått gradvis nedover. På Høgskolen i Østfold blir studentar brukte som mentorar både fagleg og sosialt.

Szymon Tadeusz Rys student på Høgskolen i Østfold.

Szymon Tadeusz Rys er glad for at han har fått ein arena for å treffe fleire studentar ved skulen.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Det å vere student er ikkje berre å øve, det handlar om å møte nye menneske og å vere litt sosial, seier Szymon Tadeusz Rys.

20-åringen har nyleg byrja å studere ved Høgskolen i Østfold. No deltar han på eit nytt prøveprosjekt.

Eit mentorprogram som er leidd av erfarne studentar.

Dei skal gjennom heile studieåret rettleie og gje fagleg hjelp til nye studentar. Men dei skal også bidra til å gjere studentkvardagen meir sosial.

Szymon Tadeusz Rys student ved høgskolen i Østfold. Her står han utenfor skolen.

Szymon Tadeusz Rys seier han har fått stort utbytte av mentorordninga.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Livet som student kan fort bli einsamt, seier den ferske studenten.

– Mentorordninga hjelper til å hindre dette. Eg synest det er ein fin måte å sosialisere litt på, seier Rys.

Les også Mangler studenter til studentstyret: – Kan være slutten på fadderuka

Sarah Naomi Lunner, studentleder ved Høgskolen i Østfold.

Får rettleiing

Mange studentar kjenner på einsemd og har det vanskeleg, viser Shot-undersøkinga i fjor.

Heilt sidan 2010 har Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) vist ein trend med gradvis dårlegare psykisk helse blant studentar.

Det er bakgrunnen for at høgskulen har sett i gang prøveprosjektet. Det fortel avdelingsdirektør for utdanning Frid Sandmoe.

Avdelingsdirektør for utdanning ved Høgskolen i Østfold, Frid Sandmoe.

Frid Sandmoe er avdelingsdirektør for utdanning.

Foto: Nina Skajaa Fredheim / HiØ

Vi brukte nokre av resultata frå Shot-undersøkinga, der vi såg at det var eit stort sakn å ha nokon å vere saman med. Fleire kjente seg utanfor. Det gjekk igjen ut over resultat på eksamen, seier Sandmoe.

Ein sosial arena

Malin Måsøy er blant studentane som er tilsett som mentorar.

Malin Måsøy student ved Høgskolen i Østfold.

Malin Måsøy trivst som mentor ved Høgskolen i Østfold.

Foto: Siri Lund Karlsen / Privat

– Det er veldig spennande. Eg har fått utfordra meg sjølv til å stå framfor ein del menneske og prate, snakke om tema som eg sjølv syntest var vanskeleg, seier Måsøy.

Då 24-åringen byrja å studere ved skulen for to år sidan, sakna ho ein sosial arena, som den ho no er ein del av.

Eg trur ikkje eg hadde gått på høgskulen i dag viss eg ikkje hadde hatt nokon å samarbeide med, for det er mange vanskelege tema som ein treng å diskutere med andre, seier ho.

Les også Her leies studentboliger ut til arbeidere

Studentsamskipnaden i Østfold.

Vil utvide tilbodet

Avdelingsdirektør Frid Sandmoe fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar på ordninga. Både frå studentar som har fått ein mentor og frå dei som er mentorar.

Prøveprosjektet har tatt for seg to bachelor-linjer, men det blir no utvida til ei rekke fleire linjer.

Høgskolen i Østfold. Bilde er tatt utenfor hovedinngangen i Fredrikstad.

Høgskolen i Østfold har sett i gang tiltak for å betre den psykiske helsa til studentane.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Sandmoe håpar at mange søker på dei nye stillingane som mentorar.

Vi håpar jo også at nokre av dei som er mentorar vil fortsette. Slik at vi får med oss nokon med gode erfaringar.

Mentor Malin Måsøy oppfordrar også medstudentar til å vurdere å søke.

Eg synest dette har vore ei veldig fin løysing. Dette er ei løysing eg synest alle skular burde ha, seier ho.

Szymon Tadeusz Rys er glad for at det er laga ei ordning som gjer det enklare for han å bli kjent med andre studentar.

– Viss du møter nokon på skulen, så har du berre eit kvarter pause mellom timane. Så det er relativt lite.