Hopp til innhold

Ultraløpar Gabriella Mathisen: – All motgangen har gjort meg sterk

Gabriella Mathisen vart verdsmeister i ultraløp i sommar. Motgangen ho har opplevd har vorte ein styrke for henne som idrettsutøvar.

Gabriella Mathisen

Gabriella Mathisen vart verdsmeister for kvinner under Beyond the Ultimate i jungelen i Peru i sommar.

Foto: Beyond the Ultimate

– Eg hadde veldig dårlege føresetnader.

Gabriella Mathisen frå Halden har hatt ein tøff oppvekst prega av rus og vald.

Då det vart for vanskeleg i heimen, sprang ho turar i skogen. Ho drøymde om å leva eit anna liv.

– Eg voks opp i ein veldig dysfunksjonell familie, med kriminalitet og rusavhengnad. Eg vart tidleg sendt inn på ein mørk veg.

Ho vart avhengig av rusmiddel, og var prostituert. Ei sprøyte som vart sett feil, førte til at ho måtte amputera den høgre armen.

Men då ho mista to nære familiemedlemmer, kom vendepunktet.

– Kjempa meg ut av det

Ho hadde lova tanta si å komma seg ut av heroinmisbruket. Mathisen bestemde seg for å halda løftet.

Eg hadde opplevd så mykje vondt og hadde så mange traume. Det var sorg over å ikkje ha ein familie. Så tenkte eg at no skal eg gi meg sjølv mine eigne minne.

Løping og idrett vart redninga for henne. I dag reiser ho rundt i verda og spring ultraløp.

I seks år har ho sprunge i alt slags vêr. I snø på fjelltoppar i Noreg, i ørkenen og i jungelen.

I sommar var ho den einaste kvinna til å gjennomføra ultraløp i jungelen i Peru.

Gabriella Mathisen

Gabriella Mathisen ville skapa gode minne for seg sjølv.

Foto: Even BJØRINGSØY JOHNSEN / NRK

Alle dei tunge opplevingane har Mathisen snudd til å bli ein styrke.

– Eg er veldig stolt av det eg har fått til, og eg ville aldri bytt det bort. Motgangen og alt det eg har gått gjennom har gjort meg til den eg er.

No er ho oppteken av å bruka erfaringane sine til å hjelpa andre som har det tungt.

Les også Oda (24) blir 😥 av mørketiden: – Vanskelig

Oda Godberg

Viktige med slike historier

Tale Maria Krohn Engvik, kjent som Helsesista, snakkar mykje med ungdom om rus og vanskelege ting i livet.

Engvik er bekymra for unge som bruker rus for bøta på at ting er vondt.

– Eg er bekymra for dei som bruker rus som ein måte å flykta frå kjensler eller for å dempa smerte. Vonde ting dei har opplevd, slik som Gabriellas historie som handlar om rus, omsorgssvikt og vald. Det er det også veldig mange unge som har erfaringar med.

Tale Maria Krohn Engvik, bedre kjent som Helsesista.

Tale Maria Krohn Engvik snakkar mykje med ungdom om rus på Snapchat.

Foto: Karine Jonsrud Pedersen / NRK

Ho kjenner Mathisen godt, og dei har eit felles mål om å hjelpa og inspirera andre.

Ho er eit menneske som er genuint ekte. Gode sterke kvinnelege førebilete er viktig for meg, seier Mathisen om Engvik.

Engvik trur historier om at det går an å få det betre, kan gi håp og hjelpa andre som har det tungt.

– Ho fann ei anna retning i livet bokstaveleg talt med å berre springa i veg. Det var eit val som handla om noko heilt anna. Samtidig som ho har eit fokus på å stå opp for noko som er større enn seg sjølv, for ho snakkar veldig mykje om sårbare og svake grupper.

Utanforskap på skulen og sosialt på fritida gjer vegen til rus og kriminalitet kortare. Me kan alle gjera ein forskjell for å hindra at nokon står utanfor.

Les også Oskar (25) døde etter inntak av ekstremt farlig stoff: – Utrolig lite som skal til

Mor-Oskar-Halden

– Det er ikkje viktig å passa inn

I dag har Gabriella Mathisen vore rusfri i ti år og livet er heilt annleis.

Ho har vore med på TedX i Arendal og vore omtalt i magasin internasjonalt. I fjor var ho også å sjå på Lindmo på NRK.

Ho vil formidla at det er viktig å ikkje gi opp, kjempa seg gjennom det vonde litt etter litt og stå opp for seg sjølv.

– Livet er ei gåve, uavhengig av utgangspunkt. Det er ikkje viktig å passa inn, det er meir viktig å vera seg sjølv. Det å tora å vera seg sjølv. Alt treng ikkje vera perfekt. Livet er ikkje perfekt.

Gabriella Mathisen

Gabriella Mathisen seier all motgangen ho har opplevd har gjort henne uredd.

Foto: Beyond the Ultimate