Hopp til innhold

Som einaste kvinne fullførte Gabriella Mathisen ultraløp i jungelen – med éin arm

Berre seks av 30 deltakarar kom i mål på ekstremløpet i jungelen i Peru. Gabriela Mathisen (35) var einaste kvinne, og det med berre éin arm.

Gabriella Mathisen

TETT KRATT: Gabriella Martinsen kjempa seg gjennom 230 kilometer i tett jungel i Peru.

Foto: Beyond the Ultimate

«Dette er vårt tøffaste ultramaraton. Pakka med gjørme og fuktig luft, og den tynne lufta doblar innsatsen det tek å bevege seg og testar dine fysiske og psykiske motstandsdyktigheit. Dette er eit løp som ingen andre».

Slik beskriv arrangøren løpet på sine nettsider. Og Gabriella Mathisen veit kva dei meiner. For nokre veker sidan var ho éin av seks deltakarar som kom i mål i den lange utgåva i «Jungle Ultra».

Eg sit igjen med ei så stor oppleving som nesten ikkje kan beskrivast, både naturen og dyrelivet, og eit eventyr ein vil snakke om livet ut. Det var veldig skummelt, og heilt, heilt magisk, seier ho til NRK.

Berre éin arm

Opplevingane var mange i løpet av 230 kilometer over fem etappar i vill Amazonas-regnskog og 3500 høgdemeter i Peru.

– Du har alle element imot deg, fastslår Mathisen.

Gabriella Mathisen

KRATT: Bratte og glatte fjellsider var ei av dei største utfordringane i jungelen. Spesielt når du må halde deg fast med éin arm.

Foto: Beyond the Ultimate

Du har kanskje lese om henne før. Mathisen var rusmisbrukar og prostituert, og etter at ei sprøyte vart sett feil i høgrearmen hennar, måtte ho amputere.

Eg tenkjer jo ikkje sånn at eg har éin arm. Det er ikkje sånn at når eg møter på noko så er det: «korleis gjer du det her», men eg måtte ta nokre forholdsreglar med klatring og sånn. Men som eg pleier å seie, den armen eg har, den er det brekkjernet. Eg er veldig sterk, forklarer Mathisen.

I 2016 løp ho sin første maraton. Deretter har det vorte to ekstremløp i ørkenen, før draumen om å fullføre jungelløpet vart oppfylt.

Gabriella Mathisen

SLITEN: Etter fem døgn nærast åleine i jungelen, kom den norske deltakarane sliten i mål.

Foto: Beyond the Ultimate

Målet betydde så mykje for meg, og eg tok eigentleg veldig mange sjansar i løpet. Eg var veldig redd, og eg gret, og knalla på vidare, innrømmer ho.

Bite av slange

Deltakarane må klare seg sjølv, og har med alt dei treng i ein ryggsekk. Når det blir for mørkt til å halde fram, søv dei i hengjekøyer. Løypa er merkt med flagg, og rundt kvar 10. kilometer er det eit såkalla «check point» og medisinsk hjelp å få.

Mathisen beskriv forholda med stor entusiasme. Bratte fjellsider, tett kratt, elvestryk, giftige plantar og ikkje minst eit vilt dyreliv.

Om ein tek seg tid til å sjå ned, så bevegar bakken seg av insekt.

Og nokon dyr fekk ho oppleve på litt vel nært hald.

Gabriella Mathisen

LØP: På åtte år har 300 deltakarar prøvd, men berre 50 har fullført «Jungle Ultra». Gabriella Mathisen er ein av dei.

Foto: Beyond the Ultimate

Eg vart biten av ein slange på ankelen. Det var veldig skummelt, langt inne i ein jungel. Eg såg på klokka, det gjekk fem og ti minutt, men det gjekk bra. Eg var ikkje hoven i ansiktet eller hendene. Det var litt roande at det er 400 artar slangar i jungelen der, men berre fire av dei har dødeleg gift. Og det er ikkje alltid dei slepper ut gift når dei bit heller, seier Mathisen med eit smil.

Eg høyrde kattebrøl, og då meiner eg brøl, bak meg gjennom jungelen, og då gjekk eg med staven og slo i bambusrøyr. Jaguaren var der, og følgde med på oss, garantert. Du kjende at du levde, for å seie det sånn, seier ho.

Neste ekstremløp i Grand Canyon

Samtidig kjende ho på følelsen av å vere fryktlaus, og tøff. Nokre gonger tenkte ho på heimstaden og fjellet i Folldalen der ho trenar, og ho fekk motivasjon av Pro Senteret, kompetansesenteret for prostitusjon, som ho er ambassadør for.

Gabriella Mathisen

VASSPLAN: Mathisen hadde laga seg ein detaljert plan for å drikke nok vatn og få i seg salttablettar.

Foto: Beyond the Ultimate

Alle løp eg spring er for dei. Det er sterke, flotte kvinner som treng å løftast opp, og ikkje bli dømt. Dei er ein motivasjon for meg når det verkeleg røyner på i ekstreme løp, forklarer Mathisen.

Og dette vart den beste løpsopplevinga hennar. I mål kjende ho meir på glede enn utmatting.

Heile stadion var stumme av beundring, kjende eg, over at dama med éin arm klarte det. Eg høyrde heiarop lenge før målgang.

Gabriella Mathisen

HEIME IGJEN: Etter utmattinga tek Gabriella Mathisen det roleg i fleire veker før ho byrjar satsinga mot nye mål.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

No startar snart dei lange førebuingane til neste ultraløp i april 2024: «Grand to Grand» – eit 275 kilometer løp gjennom utfordrande Grand Canyon i Arizona og Utah i USA.

Det er eit legendarisk løp. Eg elskar jo ørken. Det er det vakraste av det vakraste.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal