Hopp til innhold

Tiltalt for drapsforsøk med øks

Ein mann i 30-åra er tiltalt for drapsforsøk etter å ha angripe ein annan mann med kniv og øks i Spydeberg i 2022.

En mann i 40-årene er kritisk skadd og fraktet til Ullevål sykehus etter å ha blitt knivstukket på busstorget i Spydeberg.

Politiet rykte ut til åstaden med store ressursar 2. september 2022.

Foto: Freddie Larsen / NTB

2. september 2022 rykte politiet ut til eit slagsmål i Spydeberg sentrum.

Der blei ein mann i 40-åra funne kritisk skadd. Han blei flogen til sjukehus med luftambulanse.

Ein mann i 30-åra blei arrestert på staden. Dagen etter blei han sikta i saka.

Nå er han tiltalt for drapsforsøk.

Brot på hovudskallen

Ifølge tiltalen skal mannen i 30-åra ha slått eller kasta ei øks i bakhovudet på mannen i 40-åra, slik at han fekk brot på hovudskallen.

– Vidare påførte han [fornærma] eit knivstikk i brystkassa i nærleiken av lunger, hjartet, store blodårar og halsen, og dessutan eit knivstikk i buken som blant anna medførte skade på levra, står det i tiltalen.

Mannen i 30-åra er også tiltalt for ruspåverka køyring.

Smaalenenes Avis omtalte tiltalen først.

Les også Identiteten til knivstukket 12-åring spres på sosiale medier

Krimteknikere gjør undersøkelser på en gangsti i Moss.

Må møte i retten i september

NRK har vore i kontakt med Kari Sandvik, som er forsvararen til den tiltalte. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka på nåverande tidspunkt.

Politiadvokat Nina Marthinsen skal føre saka i retten på vegner av påtalemakta. Ho har ikkje høve til å kommentere saka fredag.

Rettssaka mot mannen i 40-åra skal etter planen gå i Follo og Nordre Østfold tingrett i september. Det er sett av fem dagar til behandlinga av saka.

Les også Psykolog siktet for overgrep mot mindreårige pasienter

Illustrasjon lov og rett

NRK anbefaler