Hopp til innhold

Nybygging nær halvert: – Trur nokon får varsel om permittering i julegåve

Arbeidsgjevarar og tilsette i byggjebransjen er urolege for framtida.

Et reisverk i tre med stilas i grått fyller det meste av bildet. på stillaset står en mann i mørkeklær, lener seg og ser ned på en mann som står på bakken i mørke klør og ser opp. i forgrunn ligger byggematerialer, Himmelen i bakgrunnen er grå.

Stillas under oppføring på ein einebustad. Den har firmaet til Arild Andersen, formann i Fredrikstad byggmeisterlaug, valt å byggje utan at dei har kjøpar klar. Håpet er at det skal bli lettare for eventuelle kjøparar å få finansiering.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Vi får mange bekymra meldingar, seier Vidar Schei.

Han er avdelingsleiar i Fellesforbundet i Fredrikstad.

Dagleg blir han ringd av tilsette i byggjebransjen som ber om hjelp. Dei skal på møte med leiinga.

Jobben står på spel.

Det kan bli oppseiingar eller permitteringar.

For salet av nye bustader har gått kraftig ned. Då blir det lite nytt som skal byggjast.

Arbeidsløysa aukar

I Østfold er det selt 393 nye bustader så langt i år. Det er 48 prosent mindre enn på same tid i fjor.

Nybygginga er også nær halvert. Sidan nyttår er det starta på 419 bustader, viser tal frå Byggenæringens Landsforening (BNL).

– Situasjonen er alvorleg. Høge byggjekostnader og høge renter har ført til svikt i bustadmarknaden, seier administrerande direktør Nina Solli.

Administrerende direktør i Byggenæringens landsforening, Nina Solli står ved et gjerde til en anleggsplass.,

Boligbyggingen er lågare enn under finanskrisa, dersom vi korrigerer for folketalsveksten, seier Nina Solli, administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening.

Foto: Byggenæringens Landsforening

I heile landet var 7.900 i bygg- og anleggsbransjen utan jobb i oktober. I desse yrka aukar arbeidsløysa mest, ifølgje Nav.

Berre blant tømrarar og snikkarar har det vorte 1.100 fleire utan jobb på eitt år.

Les også Eline (25) vil ha flere kvinner inn i byggebransjen

Eline Bagli

Mot mørke tider

I Viken ventar to av tre bedrifter i BNL at situasjonen blir verre. Dei har færre oppdrag på vent.

Vidar Schei i Fellesforbundet ser også at det går mot mørkare tider.

I oktober var 1000 tilsette i bygg- og anlegg permitterte. No fryktar fagforeininga fleire.

– Eg trur nokon får varsel om permittering i julegåve i år.

En nesten skallet mann med grått skjegg har på seg en sort genser. Står ute i bakgrunnen skimtes busker med grønne og brune blader.

Avdelingsleiar Vidar Schei i Fellesforbundet trur nedgang i nybygging kan få store ringverknader.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Solli i BNL er redd for at bedriftene kan bli nøydde til å gå rett på nedbemanning.

Ho meiner det ikkje er betring i sikte dei neste 26 vekene. Og 26 veker er det lengste ein tilsett kan vere permittert.

Permittering i eitt år

Både Fellesforbundet og BNL meiner derfor perioden for permittering må aukast til eitt år.

Målet er å behalde fagfolk, forklarer den administrerande direktøren i BNL.

– Så fort renta har stabilisert seg og byrjar å gå ned, blir det aktivitet i byggjenæringa igjen. Difor treng vi å behalde fagkompetansen.

Men ho fryktar det kan bli full stans før det snur.

BNL og Fellesforbundet ber derfor om at det mellom anna kjem meir pengar til Husbanken i statsbudsjettet for neste år. Fredag startar regjeringa forhandlingane om budsjettet.

Schei i Fellesforbundet meiner regjeringa bør gi kommunar nesten rentefrie lån

–Vi må få i gang byggjebransjen, få opp aktiviteten.

Les også Ble lurt av konkursrytter: Tok ikke ut lønn på to måneder

Marius Storefjell

Les også Sprengt kapasitet på strømnettet: Får ikke legge om til grønn drift

På innsiden av bedriften gyprac.