Hopp til innhold

Ole Martin (29) tar fagbrev som helsefagarbeidar på halve tida

For kort sidan trudde ikkje 29-åringen at han ville klare å sitte på skolebenken. Men prosjektet «Menn i helse» fekk han til å snu.

Ole Martin Thoresen.

Ole Martin Thoresen vil ta fagbrev som helsefagarbeidar på halve tida.

– Eg liker menneske. Eg liker å jobbe med menneske, liker å snakke med menneske. Så kvifor ikkje prøve?, seier Ole Martin Thoresen.

29-åringen har ikkje sete på skolebenken sidan han var 16–17 år gammal. Nå fortel han ivrig at han vil ta fagbrev som helsefagarbeidar. På halvparten av normal tid.

– På ein sjukeheim og ein omsorgsheim kan eg prate meir personleg med folk.

Les også Matbransjen skriker etter lærlinger som Nora

Nora Cecilie Buckholm på Nortura i Indre Østfold

Menn fell ofte utanfor

Nyleg hadde Thoresen sin første dag som helserekrutt på Glemmen vidaregåande skole i Fredrikstad. Dei blir kalla «helserekruttar», deltakarane på prosjektet «Menn i helse».

Prosjektet er eit ekspressløp for menn i alderen 25 til 55.

Deltakarane er ofte menn som har falle litt utanfor i arbeidslivet, og som er registrerte hos Nav. Mange har dårlege erfaringar frå skolen.

Målet deira er å ta fagbrev som helsefagarbeidar på to år. Den vanlege vegen til fagbrev er å gå to år på skole og to år i bedrift.

Menn i helse

Tidlegare elevar fortel om erfaringane sine til dei nye.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

Thoresen meiner helsefaget harmonerer meir med korleis han er som person. Tidlegare jobba han på eit lager, men fann seg ikkje heilt til rette. Samtalane der var stort sett fagprat med kundar.

– Eg er meir interessert i å høyre historia di enn om kva du skal pusse opp med.

I dag finst «Menn i helse» i 150 kommunar i 13 fylke i landet. Så langt har 1100 deltakarar fullført fagbrevet på halve tida. Heile 9 av 10 har fått relevant jobb.

Les også Alle rektorene i Fredrikstad roper varsko: Mener situasjonen er verre enn noen gang

En mann med briller og gul refleksvest står foran en skolegård. Rektor på Trara skole i Fredrikstad Morten Johnsen Rummelhuff.

Stort behov for helsefagarbeidarar

Fylkeskoordinator for Østfold, Lise Thoresen, seier at det har sine fordelar å undervise vaksne.

Lise Thoresen i klasserommet.

Fylkeskoordinator Lise Thoresen seier at studieløpet er spesialtilpassa vaksne, erfarne menneske.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Dei kjem inn med mykje erfaring, både frå arbeidslivet og frå livet generelt. Dei er vaksne og har mykje grunnkompetanse som bidrar til at dei lettare kjem seg gjennom løpet.

Det er liten tvil om at helsesektoren har, og kjem til å ha, stort behov for personell i uoverskodeleg framtid.

Underskotet på helsefagarbeidarar kan komme opp i over 24.000 årsverk i 2024, Statistisk sentralbyrå (SSB).

Les også Stenger deler av Fredrikstad-skole permanent: – Mye tull frem og tilbake

Fasade Frederik II vgs

Ikkje nokon kvileheim

Rekruttane har vore borte frå skolen i fleire år. Lærar Brit Nina Sjøberg Solli seier at dei prøver å ha mest mogleg praksis, men at elevane må ha teorien på plass uansett.

Brit Nina Solli

Lærer Brit Nina Solli meiner at det er viktig å ha gode studierutinar.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Det er mykje teori som skal inn. Du er ikkje ferdig når du går heim frå skolen. Du må jobbe på kveldane, og du bør lage deg ein plan på korleis du skal jobbe, seier ho.

Ole Martin fortel at han ikkje var flink på skolen og at han har konsentrasjonsvanskar. Likevel trur han at dette kjem til å gå bra.

– Sjølv om pensumet skal takast på halve tida, trur eg det skal gå. Eg kjenner at det kjem til å gå. For meg er det fint at vi har 3–4 veker skole og 3–4 veker praksis. Ikkje berre tar du teorien med ut i praksis. Du tar også det du lærer i praksis tilbake til skolen igjen.

– Har ein lyst til å få det til, så går det, meiner han