Hopp til innhold

Historisk tog-nei frå MDG

MDG vil stoppe planane om dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad. For første gong i historia går partiet imot eit heilt togprosjekt.

WEioiu6Fla8

MDG vil at regjeringa tenker meir langsiktig når det kjem til bygging av toglinjer.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det sit langt inne, men i akkurat dette prosjektet meiner vi ein må ta ei tenkepause.

Det seier Arild Hermstad, leiar i MDG, om at partiet hans vil legge regjeringa sine planar om dobbelt jernbanespor mellom Råde og Fredrikstad på is.

Arild Hermstad, MDG

Arild Hermstad, partileiar i MDG

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll

Det er ei historisk avgjerd. MDG har aldri gjort noko liknande før.

Årsaka til partiet sitt nei er at jernbaneprosjektet i Moss blir stadig dyrare. I revidert nasjonalbudsjett som nyleg blei lagt fram, foreslår regjeringa å auke kostnadsramma med nær 6 milliardar kroner.

Kvikkleireproblem

Toglinja i Moss var tenkt å koste seks milliardar, men ligg no på nær 30 milliardar grunna problem med kvikkleire.

Hermstad omtalar kostnadene som astronomiske. Samstundes seier han at kvikkleire kan bli ei utfordring ved bygging av dobbeltspor vidare til Fredrikstad.

– Vi kan ikkje gjenta tabben som er gjort i Moss med å bruke så mykje pengar på eit prosjekt vi framleis ikkje veit sluttsummen på.

Byggearbeider på ny toglinje i Moss. Et ras har gått på grunn av kvikkleire. Rør stikker ut fra bakken.

Kvikkleireproblematikk har auka kostnadane på jernbaneprosjektet i Moss

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Set ein i gong med eit dobbelspor til Fredrikstad, risikerer ein å ryke på ein ny kostnadssmell, meiner han.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård er ikkje einig. I ein e-post til NRK seier han at i kommuneplanane er traseen flytta vestover. Der er det fjell.

Då vil ein unngå område med dårlege grunnforhold og mogleg kostnadsauke i samband med det.

Nygård seier vidare at Bane Nor vil jobbe med å optimalisere utbygginga for å prøve å gjere kostnadene lågare.

Les også Milliardsprekk og utsettelser etter kvikkleirefunn i Moss

Intercity utbygging i Moss

Kan bruke pengane betre

I forslaget til Nasjonal transportplan legg regjeringa opp til å bruke 15,9 milliardar på togprosjektet mellom Råde og Fredrikstad. Den samla ramma kan bli opp mot 23 milliardar.

Hermstad seier pengane kan bli brukt på ein ein langt betre måte. Han meiner meir bør gå til satsing på til dømes kollektivtrafikken i Østfold og vedlikehald av jernbanane som alt finst her i landet.

Han seier òg at ein må tenkje meir langsiktig.

– Vi må sjå på korleis vi kan bygge dobbeltspora jernbane rett til Sverige og Europa gjennom Østfold. Det er mykje, mykje viktigare enn å tvinge fram dette prosjektet no.

Han meiner ein bør greie ut saka om ei slik toglinje på nytt for å finne den raskaste og beste traseen.

Les også Melding til alle reisende: Det er store forsinkelser på Europa-toget

Reportasje om Østfoldbanen desember 2019

Meiner dobbeltspor er beste løysing

Men samferdselsministeren er ikkje klar for ei ny utgreiing av ei toglinje til Sverige.

Nygård meiner å prioritere dobbeltsporet til Fredrikstad og gjere tiltak på stasjonen der, gjer det mogleg å utvikle togtilbodet over grensa vidare.

Portrett av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Han kikker rett mot kamera og smiler forsiktig

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Samstundes seier han tiltak på norsk og svensk side må koordinerast for å gjere togtilbodet vesentleg betre.

– Difor har regjeringa bede Jernbanedirektoratet samarbeide med det svenske Trafikverket om vidare utvikling av tilbod og infrastruktur på dei strekningane som kryssar grensa.

Nygård fortel òg at eit samarbeidsforum for grensekryssande jernbane alt er etablert.

Vidare seier han at regjeringa ynskjer å auke kapasiteten på jernbanane i byområda som har størst vekst i folketal. Som til dømes Nedre Glomma.

– Vi ventar at talet på togreiser til og frå Fredrikstad vil auke med om lag 29 prosent som følge av utbygginga.

Les også Åpning av dobbeltspor gjennom Moss utsettes til 2030

Dobbelspor jernbane Moss

Alternativ transportplan

Hos MDG seier Hermstad at han er usikker på kva regjeringa eigentleg tenker, og trekker igjen fram problema med utbygginga i Moss.

– Eg trur ikkje det er nokon som har lyst til å gjenta det ein har opplevd i Moss. Dei enorme kostnadane og dei store problema med traseen.

No kjem MDG til å legge fram ein alternativ transportplan.

Dei om lag 16 milliardane som blir spart ved å skrinlegge dobbeltspor til Fredrikstad vil partiet heller bruke på andre prosjekt. Særleg prosjekt som kan sørge for å få meir gods over frå veg til jernbane.

Hermstad seier MDG elskar jernbane, men held samstundes fast ved at det er rett av partiet å komme med eit historisk nei til eit togprosjekt.