Hopp til innhold

Matkøane veks: – Stadig fleire ber om hjelp

Fleire treng hjelp til å få endane til å møtast. Frelsesarmeen i Moss fryktar rekordmange vil ha behov for hjelp i desember.

Major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss.

Major i Frelsesarmeen i Moss Bjørn Løvdahl fortel at det er mange som har behov for hjelp.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Ei gåve i julegryta blir til mat, klede, omsorg og fellesskap, seier major i Frelsesarmeen i Moss Bjørn Løvdahl.

I desember set Frelsesarmeen ut julegryter som forbipasserande kan velja å donera pengar til.

I år har dei plassert ut over 250 gryter over heile landet. Det som kjem inn i julegrytene går direkte til lokale tiltak.

– Det legg grunnlaget for kva me kan bidra med av hjelp i 2024. For vår del gjeld det Moss, Våler og Råde, seier Løvdahl.

Frelsesarmeen-skilt i julen. Her kan man vippse penger til de som trenger det.

I staden for å leggja kontantar i dei tradisjonelle julegrytene kan folk som går forbi på Amfisenteret i Moss velja å vipsa eit beløp.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Han fortel at både enkeltpersonar og bedrifter er flinke til å gi.

– Det betyr mykje. Matkøane veks og stadig fleire ber om hjelp fordi økonomien ikkje strekk til, seier Løvdahl.

Fryktar nok eit rekordår

På denne tida i fjor auka matkøane i Moss så kraftig at dei var blant dei lengste i Noreg.

Frelsesarmeen håpa det skulle bli betre i år, men førebels ser det ikkje lovande ut.

Saman med Kirkens Bymisjon hjelper dei no over 700 husstandar i Moss, Våler og Råde med mathjelp. I juni i fjor var talet 400.

– Behovet for hjelp aukar og aukar, seier Løvdahl.

Trenden er den same fleire stader i landet. 69 prosent av mathjelparar svarer at det er fleire som hentar mat no, samanlikna med før pandemien.

Det kjem fram i ei undersøking frå Fafo og Institutt for samfunnsforsking.

Av dei åtte kommunane dei undersøkte er det størst auke av personar som treng hjelp i Moss.

Les også Har åpnet gratis matbutikk: – Det gjør noe med verdigheten

Ine Lindberg i Felleskap for mat og Major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss.

Stor pågang

Eg lurer på korleis dette skal enda. Hadde det ikkje vore for oss frivillige som hjelper dei som treng det så hadde det ikkje gått rundt, seier frivillig i organisasjonen Hjelp oss å hjelpa Liza Thorvaldsen.

Et juletre med juleønsker er satt opp på kjøpesenteret Askimtorget i Askim.

Fleire stader i Østfold har organisasjonen Hjelp oss å hjelpa plassert ut slike juletre. Under treet kan dei som ønskjer det leggja julegåver.

Foto: Liza Thorvaldsen

Ho er bekymra for pågangen.

Førespurnadene om hjelp går opp. Samtidig som me får mindre inn, seier Thorvaldsen.

Organisasjonen merkar at færre donerer no enn dei gjorde før.

– Fleire får ikkje kvardagen til å gå rundt sånn som før, seier ho.

Les også Matkøane held fram med å vekse: – Klarer så vidt å halde unna trykket

Major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss

Les også Enorm pågang: – Nå er det vanlige folks tur til å bli fattige

Stine M. Carlsen
frivillig for Hjelp oss å hjelpe Østfold