Hopp til innhold

Matkøane held fram med å vekse: – Klarer så vidt å halde unna trykket

Matkøen hos Frelsesarmeen i Moss har auka kraftig og er blant dei lengste i Noreg. Det har resultert i krisemøte med kommunen.

Major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss

MATKØ: Major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss har aldri før opplevd at så mange treng hjelp i kommunen som no.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Akkurat no klarer vi så vidt å halde unna trykket, seier major Bjørn Løvdahl i Frelsesarmeen Moss.

Førjulstida er travel for hjelpeorganisasjonen. No skal alle påmeldingar og tiltak før jul på plass.

Talet på matposar som blir delte ut har auka kraftig, til eit nivå Løvdahl aldri har opplevd før.

Tidlegare møtte rundt 50 personar opp til ei vanleg matutdeling. No er køen langt lengre.

– Førre utdeling var vi oppe i 325 personar som fekk matpose. Det er mykje, det er frykteleg mykje på kort tid, seier Løvdahl.

Sende bekymringsmelding til kommunen

Ifølgje Frelsesarmeen er Moss og Trondheim blant byane i Noreg med desidert størst prosentvis auke gjennom det siste året.

I 2022 har prisane på mat og drivstoff auka, straumprisen har nådd rekordhøgder og renta har vorte sett opp. Det påverkar matkøane.

I vår stod 40 personar i matkø i Trondheim kvar utdeling. I november har snittet vore på 220.

I Moss har pågangen vore så stor at Frelsesarmeen har sendt ei bekymringsmelding til kommunen.

Krisemøte om matnød i Moss mellom Frelsesarmeen og Moss kommune

Frelsesarmeen i krisemøte med Moss kommune for å etablere ein felles matsentral i kommunen saman med Kirkens Bymisjon.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Det enda med eit krisemøte. No undersøker ein moglegheitene for å få ein felles matsentral med andre velgjerande organisasjonar opp å stå. Kommunen vurderer også ei koordinatorstilling.

Silje Hobbel, direktør for kultur, oppvekst og aktivitet i Moss kommune, fortel at saka er oppe til politisk behandling.

– Vi kan hjelpe til med lokale som no eventuelt står tomme. Generelt opplever vi ikkje at det er nokre større utfordringar i Moss enn andre stader, men kanskje hjelpetilboda har vorte betre kjende for folk, seier Hobbel.

– Gjer inntrykk

Dei nyaste tala frå SSB viser at 115.000 barn under 18 år lever i familiar med vedvarande låg inntekt. EU sin definisjon av låginntekt, er inntekt under 60 prosent av medianinntekta.

stZXzY9uAf8

Frelsesarmeen har delt ut gratis mat til fleire tusen hushald i Noreg i løpet av året.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Frelsesarmeen opplever at foreldre strekkjer seg langt for at barna skal sleppe å oppleve utanforskap, spesielt i jula.

I Moss har 400 husstandar søkt om julehjelp. Det er ein auke på 10 prosent frå i fjor.

I desember gir Frelsesarmeen ut julehjelp i staden for mathjelp. Julehjelp inkluderer mat og julegåver til barn under 18 år.

Tabellen under viser auken i talet på husstandar som har søkt om julehjelp frå Frelsesarmeen i år samanlikna med i fjor.

Økning i Julehjelp fra Frelsesarmeen

Julehjelp

2021

2022

Trondheim

1800

2300

Kristiansand

1200

1500

Oslo

800

1100

Bergen

600

1000

Moss

440

480

Bodø

150

280

Kragerø

120

180

Drøbak

39

210

Fagernes

50

150

Florø

21

30

Kommunikasjonssjefen i Frelsesarmeen Noreg er ikkje overraska over utviklinga, sett i lys av den kraftige auken i matprisar på over 13 prosent det seinaste året.

– Det ligg djupt i den norske folkesjela å skulle klare seg sjølv. No møter vi stadig fleire som ikkje klarer det lenger. Det gjer inntrykk på oss. Ei rekkje stader er det langt fleire som har søkt om julehjelp samanlikna med i fjor, seier Geir Smith-Solevåg.

Les også: Grensehandler som aldri før: – Den beste måneden noensinne

Handlebånd full av varer kvinne bak kasse i bakgrunnen
Handlebånd full av varer kvinne bak kasse i bakgrunnen

Les også: Julenissen med advarsel til foreldre under juleshopping

Julenissen står utenfor et kjøpesenter i Oslo. Under drakta står Morten Erik Olsen.
Julenissen står utenfor et kjøpesenter i Oslo. Under drakta står Morten Erik Olsen.