Hopp til innhold

Safari (26) måtte google for å finne ut om han har stemmerett

Kven har eigentleg stemmerett ved lokalvalet? Fleire kan besøkje stemmeurnene enn i stortingsvalet.

Safari Yves Shabani poserer foran en vegg med to dører.

STEMMERETT: Safari Yves Shabani har aldri stemt før.

Foto: Privat

– Eg har ikkje brydd meg om politikk før, seier Safari Yves Shabani.

26-åringen har budd i Noreg i ni år, men har aldri stemt.

Shabani er nemleg ikkje norsk statsborgar.

Men etter å ha sett ein partileiardebatt på TV, vart han nysgjerrig.

– Etter at eg såg debatten på NRK stilte eg meg spørsmålet om eg i det heile kunne stemme, seier han.

Han måtte google for å finne svar.

Forskjell på vala

I Noreg har vi to type val. Annakvart år kan nordmenn gå til stemmeurnene.

I år er det kommune- og fylkestingsval. Her har fleire stemmerett enn ved stortingsval.

For i lokalvalet kan du stemme dersom du har vore folkeregistrert i Noreg dei tre siste åra, eller er nordisk statsborgar og busett før 30. juni i valåret.

Ein må også ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

Ved stortingsval må ein vere norsk statsborgar for å kunne stemme.

Ulike oppgåver

Nesten 4,4 millionar menneske har stemmerett ved valet i år. Mange av desse er i same båt som Shabani – dei får ikkje stemme ved stortingsval.

– Det kan vere fleire omsyn å ta når ein spør om kven som skal ha stemmerett ved dei to vala i Noreg, seier valforskar Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforsking.

Signe Bock Segaard, Institutt for Samfunnsforskning

Signe Bock Segaard er valforskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

Dei som blir valde inn på Stortinget får andre oppgåver enn dei som blir valde inn i fylkesting, kommune- og bystyre.

Det er representantane på Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lover i Noreg.

Valforskaren seier at enkelte meiner det ved stortingsval bør takast omsyn til ei kjensle av lojalitet og å høyre til.

– Statsborgarskapen din kan nettopp bli vurdert som eit teikn på det, seier Segaard.

– Lokalpolitikk handlar jo ikkje om føresegn av lover, men ofte om praktiske forhold som er viktig for lokalsamfunnet. Det kan vere eit argument for at folk utan statsborgarskap har stemmerett her.

Takksam: – «Wow»

Safari Yves Shabani har bakgrunn frå Kongo. Det afrikanske landet har vore konfliktfylt i fleire tiår. Det første frie valet i landet på 40 år vart gjennomført i 2006.

Sidan har fleire val vore kontroversielle. Det set ting i perspektiv for 26-åringen.

– Eg er takksam for at eg i det heile tatt kan vere med på å stemme for framtida her i Noreg. Det er litt «wow», seier han.

– Men eg skulle ønskje eg kunne vere med å stemme på det store stortingsvalet òg. Men eg må berre aksepterer det.

Shabani har tre hjartesaker under valet i år: Ungdom, kultur og flyktningar.

– Det er fint at vi som unge menneske kan gjere ein forskjell. Vi kan gjere det vi vil her og det er veldig fint å tenkje på.

Les også Ble bedt om å punge ut for å delta i valg­sendinger: – Ikke tillatt

Skjermdump av TV Østfold sin nettside. Bildet viser en menybar øverst, nederst er et avspillingsvindu hvor kanalens logo vises.

Les også Skal ha blitt bedt om å fjerne legaliserings­kampanje: – Har blitt en vanesak

Et bilde av en flyer der det står "legalize it" etterfulgt av logoen til Unge Venstre

Tenker du på noe?

Hei!

Har du lyst til å tipse meg om en mulig sak? Ta gjerne kontakt på e-post.