Hopp til innhold

Villsvin GPS-merka i Noreg for første gong

Forskarane skal spore villsvinet time for time. Data skal brukast til å kartleggje åtferda til dyret og hindre spreiing av alvorlege sjukdommar.

Villsvin som ligger på siden på et pledd.

MERKA: Dette villsvinet vart fredag det første villsvinet til å bli GPS-merka i norske skogar.

Foto: Øivind Ringstad

– Vi ønskjer å lære meir om åtferda og rørslemønstera til villsvinet, seier prosjektleiar Inger Maren Rivrud.

Ho er forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Fredag vart eit villsvin for første gong GPS-merket i Noreg. Det 68 kilo tunge dyret vart fanga ved Prestebakke i Halden.

No kan forskarane time for time følgje med på kvar i terrenget han er.

Portrettbilde av Inger Maren Rivrud

Forskar Inger Maren Rivrud fortel at dei ønskjer å lære meir om korleis villsvinet oppfører seg.

Foto: Norsk institutt for naturforskning / Pressebilde

– Vi håpar at GPS-ein kan sitje på ei stund gjennom året òg, så vi får vite om han bruker ulike område i ulike sesongar, seier Rivrud.

Målet er å merke ti villsvin før kalenderen viser 2024.

Uønskt i Noreg

Villsvin står på framandartlista i Noreg. Bestanden er konsentrert i grenseområda mot Sverige sør i Østfold.

Tre av fire villsvin som blir skotne blir felt i dette området.

– Halden og Aremark er dei områda der det er mest villsvin. Vi sikta oss inn der, snakka med grunneigarar og har fått sett opp båsar, seier Rivrud.

Der det er mest villsvin er det også større sjanse for oss for å fange dei.

Tre villsvin ved åteplass. Bildet er tatt langt sør i marker, rett inntil grensen til Aremark

Tre villsvin ved ein åteplass like ved grensa til Aremark kommune. Biletet vart teke med viltkamera i 2017.

Foto: Pål Sindre Svae

For bøndene i Aremark er villsvina eit stort og aukande problem.

– Dei øydelegg planteproduksjonen, seier bondelagsleiar Eivind Eide Reime.

Han har opplevd at villsvina pløyer opp jorda. Reime meiner det vil bli krevjande å vere bonde viss villsvinbestanden veks.

– Det kan ikkje komme meir villsvin. Då kan ein ikkje drive med jordbruk i Aremark.

Bondelagsleiaren fortel at bøndene ikkje har krav på erstatning viss villsvina øydelegg for produksjonen.

– Det er ingen bønder som vil leggje mykje pengar i noko som berre blir øydelagt når vi ikkje får erstatning.

Ung art

Seniorforskar i Veterinærinstituttet Jørn Våge fortel at vi har lite kunnskap om villsvin i Noreg.

– Sjølv om arten levde her for ca. 1000 år sida blir etableringa no rekna for å vere ein introduksjon.

Jørn Våge.

Seniorforskar Jørn Våge i Veterinærinstituttet fortel at villsvina i Europa har ein dødeleg sjukdom, men at sjukdommane ikkje har komme til Noreg.

Foto: Privat

No ønskjer forskarane å få betre forståing av korleis villsvinet spreier seg i Noreg.

Sjølv om bestanden i dag er konsentrert i Østfold, er villsvin er observert så langt nord som Trøndelag.

– Vi har lite kunnskap om korleis arten vil bevege seg når han etablerer seg og bestanden blir større, seier Våge.

Villsvin-jakt er tillate året rundt i Noreg. I jaktsesongen 2020/2021 vart 450 villsvin skotne.

Mål om å hindre spreiing av sjukdom

Det er også er viktig å spore dyra for å kartleggje korleis eventuell sjukdom vil kunne spreie seg. I Europa har det vore fleire utbrot hjå villsvin med sjukdommen afrikansk svinepest.

Sjukdommen kan ramme både villsvin og tamsvin.

– Heldigvis har ikkje sjukdommen kryssa over til Norden, seier seniorforskaren.

GPS-villsvin kan bli skote

Sjølv om fleire villsvin no blir GPS-merka, er det framleis lovleg å jakte dei i norske skogar.

Prosjektleiar Rivrud seier at dei ikkje kan sikre seg mot at dei merka dyra blir skotne.

– Men vi håpar at dette villsvinet, og dei andre vi forhåpentlegvis får lov til å merke, kjem til å gå med sendaren ei stund, så vi får inn gode data på dei.

Ho håpar at jegerane lèt villsvina leve ei lita stund.

Leon Alexander Røren-Pettersen (11) filmet villsvin ved Borge i Fredrikstad i starten av april.

Leon Alexander Røren-Pettersen (11) filma villsvin ved Borge i Fredrikstad i starten av april 2021.

Les også Svenske tilstander i norske skoger

Jonas Breda på villsvinjakt.